Better by You, Better than Me
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Better by You, Better than Me» er ein song frå 1969 av det engelske rockebandet Spooky Tooth. Songen vart spelt av heavy metal-bandet Judas Priest i 1978.
I 1990 fekk Judas Priest-versjonen mykje negativ omtale då bandet måtte i retten for skuldingar om å ha plassert undermedvitne meldingar i songen som fekk to ungdomar i USA til å ta livet av seg i 1985. Saka vart til slutt avvist.
Remove ads
Medverkande
- Luther Grosvenor — gitar
- Mike Harrison — klaverinstrument, vokal
- Mike Kellie — trommer
- Greg Ridley — bass, gitar
- Gary Wright — klaverinstrument, vokal
Judas Priest-versjonen
Judas Priest si utgåve av «Better by You, Better than Me» er kjappare enn Spooky Tooth-versjonen og har eit i tillegg eit ekstra vokalt mellomspel. Songen vart lagt til på albumet i siste augneblink då CBS Records insisterte på at dei måtte ha med ein meir kommersiell song for å live opp albumet som stort sett var mørkt. Det vart spelt inn med James Guthrie som produsent, då Dennis MacKay var oppteken med andre prosjekt. Bandet vart så imponert over produksjonsarbeidet til Guthrie at dei bad han om å produsere det neste albumet deira, Killing Machine.
Medverkande
- Rob Halford – solovokal
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar, korvokal
- Ian Hill – bassgitar
- Les Binks – trommer
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Better by You, Better than Me» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads