Rob Halford

britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Rob Halford
Remove ads

Robert John Arthur «Rob» Halford (fødd 25. august 1951) er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som vokalisten i heavy metal-bandet Judas Priest. Han har ei mektig, opera-aktig røyst. AllMusic sa om Halford: «Det har vore få andre vokalistar i historia innan heavy metal som har ein syngjestil som er så innverknadsrik og lett gjenkjenneleg», med ei røyst som «utan problem svingar mellom guttural brumming til øyredøyvande falsett».[1] Halford vart sett på 33. plassen på lista til Planet Rock-lyttarane i 2009 over dei beste vokalistane gjennom tidene.[2] I tillegg til arbeidet sitt med Judas Priest har han vore involvert i fleire sideprosjekt, som Fight, 2wo og Halford. I 1998 stod han fram som homofil, den første songaren innan heavy metal som gjorde dette.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Halford slutta i Judas Priest i 1991, men kom attende til bandet i 2003.

Halford har òg sunge med Black Sabbath på tre konsertar. Han erstatta Ronnie James Dio for to konsertar i november 1992 og igjen for Osbourne i august 2004.[3] Han har òg ei stemme i videospelet Brütal Legend i 2009, der han har røysta til General Lionwhyte, i tillegg til leiaren av Fire Barons.[4] I 2002 hadde Halford ei lita rolle i filmen Spun.

Remove ads

Diskografi

Judas Priest

Fight

  • K5 – The War of Words Demos (1992) (gjeve ut i 2007)
  • War of Words (1993)
  • Mutations (1994)
  • A Small Deadly Space (1995)

2wo

  • Voyeurs (1998)

Halford

  • Resurrection (2000)
  • Live Insurrection (2001)
  • Crucible (2002)
  • Live in Anaheim (2003) (released in 2010)
  • Halford III: Winter Songs (2009)
  • Halford IV: Made of Metal (2010)

Som gjesteartist

  • KrokusHeadhunter – vokal på «Ready to Burn» (1983)
  • Surgical Steel – Surgical Steel (demo), vokal på «Smooth And Fast» (1984)
  • Hear 'n Aid (1986)
  • Ugly Kid JoeAmerica's Least Wanted – korvokal på «Goddamn Devil» (1992)
  • Skid RowB-Side Ourselves – vokal på «Delivering the Goods» på eit konsertopptak (1992)
  • Korvokal på songen «Hex 'n' Sex» for albumet med same namn av det tyske bandet Brings (1993)
  • Bullring Brummies, eit studioband som kom saman for Nativity in Black ei hyllest til Black Sabbath (1994).
  • Spelte inn songen «Light comes out of Black» med Pantera for Buffy the Vampire Slayer (1992)
  • Queens of the Stone AgeRated R – vokal på «Feel Good Hit of the Summer» (2000)
  • Furious IV – Is That You? (2002)
  • Spun film (2002) – «Pornclerk»
  • Brütal Legend (2009) – røysta til General Lionwhyte, som er sterkt basert på glam metal-kulturen.
  • Five Finger Death Punch-albumet The Wrong Side of Heaven and the Righteous Side of Hell, Volume 1 (2013) – vokal på «Lift Me Up», fr Revolver Golden God Awards (2013).
  • The Simpsons – song ei utgåve av «Breaking the Law» i episoden «Steal This Episode» (2014).
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads