Hengjebjørk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hengjebjørk, hengebjørk, vortebjørk eller låglandsbjørk (Betula pendula) er eit tre i bjørkeslekta.
Ein skil treet frå dunbjørka ved at hengjebjørka har dobbelt sagtakka blad, harpiksvorter på årsskota og oppsprukken skorpebark på gamle stammar. Skota kan ofte hengje, noko som har gjeve namn til treet.
Hengjebjørka har kromosomtalet 2n=28, medan dunbjørka har 2n=56; trea vil likevel kunne danne hybrid med 2n=42.
I Noreg veks hengebjørka på tørre marker i låglandet nord til Trøndelag, elles i Saltdal, Sørfold og Sør-Varanger.[2]
Remove ads
Bruk

Av bjørkeartane som veks i Noreg, er det hengjebjørk som har produserer trevirke av best kvalitet. Spesielt ettertrakta er masurbjørka som har ved med flammespel.
Hengjebjørka er ofte planta i hagar og parkar. Det finst mange kultivarar til hagebruk, blant dei er orrnäsbjørk eller var. dalecarlica, som har særs djupe bladfliker.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads