Biel/Bienne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Biel/Biennemap
Remove ads

Biel/Bienne er ein by og ein kommune i distriktet Biel/Bienne i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 51 203 innbyggjarar (2010) og eit areal på 21 km². Kommunesenteret ligg 434 meter over havet.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Han ligg ved språkgrensa og er tospråkleg. Biel er det tyske namnet på byen, medan Bienne er det franske. Han er den største tospråklege byen i Sveits, og den nest største byen i kantonen Bern. Sidan 1. januar 2005 har det offisielle namnet på byen vore «Biel/Bienne».

Thumb
Byen Biel/Bienne ved Bielsjøen

Byen ligg ved foten av den første fjellrekkja i Jurafjella ved nordaustbreidda av Bielsjøen. Nabobyen Nidau ligg på austsida av innsjøen. Neuchâtel, Solothurn, og Bern ligg vest, aust og søraust for Biel/Bienne. Dei er alle om lag 30 minuttar unna med anten tog eller bil.

Byen er særleg kjend for urindustrien med selskap som Omega og Certina, elles maskinindustri og ein del turisttrafikk.

Byen har ei kyrkje i gotisk stil frå 1451. Rådhuset er frå 1534.

Byen er godt kjend i sjakkverda for Biel internasjonale sjakkfestival, ei årleg turnering. Magnus Carlsen vann turneringa i både 2007 og 2011.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads