Binnish

From Wikipedia, the free encyclopedia

Binnish
Remove ads

Binnish (arabisk بنش) er ein by nordvest i Syria, som administrativt høyrer til Idlib guvernement, like aust for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Maarrat Misrin i nordvest, al-Fu'ah i nord, Ta'um og Taftanaz i aust, Iffis i søraust og Sarmin i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Binnish eit folketal på 41 848 i 2009. Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Byen ligg på ein åstopp og har flott utsyn over området kring. Ordet Binnish kjem frå arameisk som kanskje tyder «barn av menn». Byen er kjend for oliven, vindruer og fikentre, i tillegg til andre avlingar. Han har ein stor, gammal moské i sentrum som er datert til mamelukktida (1250-1517) før Det osmanske riket kom til. Klimaet er mildt.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads