Bleikvasslia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bleikvasslia
Remove ads

Bleikvasslia er ei bygd og ein gard i Hemnes kommune, to mil sør for Korgen. Nordaust for Bleikvasslia ligg Oksttindmassivet og Bleikvatnet som bygda har namn etter. Oksskolten er det høgaste fjellet i Nord-Noreg. I sør ligg Røssvatnet som er Noregs nest største innsjø. Bleikvasslia fekk fast busetting i byrjinga av 1700-talet. Ei årestue frå 1700-talet finst enno intakt.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Næringsgrunnlaget er i hovudsak landbruk. Selskapet Bleikvassli gruber har i dag om lag 20 tilsette, og driv i dag entreprenørverksemd etter at gruvedrifta vart nedlagt for nokre år sidan. Bleikvasslia har butikk, kyrkje og skule. Ved skulen finst ein kopi av ein sørsamisk buplass.

Thumb
Den gamle internatskulen i Bleikvasslia vart bygd i 1920, og tilhøyrer i dag Bleikvassli bygdelag
Thumb
Køta i Bleikvasslia, kopi av ein sørsamisk gamme.

På Karihaugen låg ein arbeidsleir under andre verdskrigen. Brakkene er no rivne, og det er oppført eit nytt bygg som vert brukt som leirstad. Karihaug leirsted er i dag eigd av Normisjon.

Bleikvassli er òg eit etternamn. Ifylgje Statistisk Sentralbyrå er det per 9. januar 2021 12 personar som har Bleikvassli som etternamn.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads