Blondes Have More Fun
album av Rod Steward From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Blondes Have More Fun er det niande albumet til Rod Stewart, gjeve ut i november 1978. Dette var Stewart sitt første steg inn i disco, som var den populære musikkstilen på denne tida. Sjølv om albumet selde godt, fekk det heller lunken kritikk. Den første singelen, «Da Ya Think I'm Sexy», vart ein av dei største hittane til Stewart og gjekk til topps i både Storbritannia og USA. Albumet har selt meir enn 14 millionar eksemplar verda over.
Remove ads
Remove ads
Oversyn
Etter å ha skapt ein suksessrik karriere gjennom 1970-åra som rockesongar, følgde Stewart her discotrenden, som var på sitt mest populære i 1978, på somme av songane på albumet. Den første singelen var «Da Ya Think I'm Sexy», som gjekk til topps i Storbritannia, USA, Australia og fleire andre land.[5][6][7] Mange kritikarar slakta discosongane på albumet, men dei vart likevel ein av dei største hittane hans. Stewart har sidan forsvart songen og sagt at både Paul McCartney og The Rolling Stones òg dreiv med disco på denne tida.[8] Den andre singelen frå albumet var «Ain't Love a Bitch», som nådde 11. plassen i Storbritannia og 22. plassen i USA.[9][7] Den tredje og siste singelen, «Blondes (Have More Fun)», nådde 63. plassen i Storbritannia, den lågaste plasseringa hans der på denne tida, men nådde 23. plassen i Irland.[9][10]
Sjølve albumet nådde tredjeplassen i Storbritannia og hadde selt til platina innan jul. I USA gjekk det heilt til topps og selde til dobbelt platina.[11] Det gjekk òg inn på topp 10-listene i mange andre land.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Rod Stewart – solovokal
Rod Stewart Band
- Gary Grainger – gitar
- Billy Peek – gitar
- Jim Cregan – gitar, korvokal
- Philip Chen – bass, korvokal
- Carmine Appice – trommer, korvokal
Gjestemusikarar
- Duane Hitchings – klaverinstrument, synthesizer
- Roger Bethelmy – trommer
- Paulinho Da Costa – perkusjon
- Nicky Hopkins – piano
- Gary Herbig – fløyte
- Phil Kenzie – horn
- Steve Madaio – trompet
- Tom Scott – tenorsaksofon
- Fred Tackett – gitar
- Tommy Vig – perkusjon
- Mike Finnigan – korvokal
- Max Gronenthal – korvokal
- Linda Lewis – vokal
- Catherine Allison – piano, korvokal
- Del Newman – strykearrangement
Produksjon
- Tom Dowd – produsent, miksing
- Andy Johns – lydteknikar, miksing
- George Tutko – assisterande lydteknikar
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads