Blot

ofring From Wikipedia, the free encyclopedia

Blot
Remove ads

Blot eller blót (av norrønt blót) var ei rituell offerhandling i norrøn tid for å ære og påverka gudane. Skildringar av blot fortel om ofring av dyr, som hestar, storfe, grisar, hundar og høns, og ved nokre høve også menneske.

Thumb
Nordisk offerscene fra den Odinske periode (1831) av Johan Ludwig Lund.
Thumb
Dísablót av August Malmström.

Ein finn omtale av blot i den norrøne sogelitteraturen og av andre, som Thietmar av Merseburg og Adam av Bremen. Kjeldeverdien av desse opplysningane er delvis omstridd.[1] Mellom anna er alle skrivne ned av kristne utanforståande eller i seinare tider enn blota gjekk føre seg.

Ein kunne gjera blot under open himmel eller innomhus. Litteraturen omtaler særskilde blothus eller blotstader (hòv og horg) og viktige tidspunkt for blotegilde: Vinternetter, der ein blota for god åring (årsavling), midtvinter for komade grøde og sommarmål for krigslykke.[1]

Blot kunne utførast av menn (goder) eller kvinner (gydjer). Blodet av offerdyra blei samla opp i eit særskild kar (hlautbolli), og stenka utover med ein stav (stökkull). Under blotet tok ein varsel ved hjelp av «blotspon».[1]

Remove ads

Ulike typar blot

Sónarblót

Sónarblót var bloting av ein gris til jul til eit visst rituale. Hervorsoga fortel om eit slikt blot der folket først svor eidar på grisen:

[O]k skyldi þeim gelti blóta at sónarblóti. Jólaaptan skyldi leiða sónargöltinn í höll fyrir konúng; lögðu menn þá hendr yfir burst hans ok strengja heit.[2]
Og dei ville ofra ein galte i sonarblót. På julaftan blei sonar-galten leid inn i hallen framfor kongen; menn la hendene på blrsten hans og svor eider.

I eit prosastykke i Helgakviða Hjörvarðssonar blir det sagt at eidane blei sverga medan ein drakk brageskål:

Um kveldit [jólaaftan] óru heitstrengingar. Var fram leiddr sónargöltr. Lögðu menn þar á hendr sínar ok strengðu menn þá heit at bragarfulli.
Om kvelden [julaftan] blei dei store eidane tekne. Den heilage galten blei leia inn, mennene la hendene sine på han og svor eidane sine ved brageskålen.[3]

I Ynglingesoga blir dette blotet brukt til spådom (til frettar).[4][5]

Det er litt uklart kva «sónar» tyder. Det er blitt tolka som soning eller offer,[6][7] men kan også forståast som 'leiar[gris]' (i ein flokk).[4][5][8]

Bloting av menneske

Thumb
Midvinterblot (1915) av Carl Larsson.
Thumb
Teikning av ein biletvev frå Osebergfunnet som er tolka som rituelt hengde menneske.

Manneblot er nemnd fleire stader. Særleg kan ein nemna blot av kongelege personer for godt år (kongen blei gjort ansvarleg for uår), slik som blotet av ynglingekongane Olav Tretelgja og Domalde, omtalt av Snorre Sturlasson.

Thietmar av Merseburg skreiv på 1000-talet om juleblotet i LejreSjælland (ofte omtalt som Lejreblotet), som han sa blei halde kvart niande år i januar. Der blei det ofra 99 mennesker og 99 hestar, og dessutan hundar og hanar.

Adam av Bremen fortalde om det store niårsblotet i Gamla Uppsala kring 1076, som også inneheld menneskeofring. Adam av Bremen var aldri sjølv i Svitjod, så nedskrivingane hans er etter Svein Estridsson og andre menn han møtte ved det danske hoffet.

Blotet av kong Vikar i Gautreksoga føregjekk ved henging. Ved blot har ein truleg også hengd krigsfangar, som ved blotet av hengde folk og dyr i Uppsala som er omtalt av Adam av Bremen. Dette gjev ein bakgrunn for motivet med fleire hengde menneskekroppar på eit biletteppe i Osebergfunnet. Odin ble også kalla hangagoð, 'guden til dei hengde', av skaldane.[1]

Remove ads

Blot i Soga om Håkon den gode

Thumb
Håkon den Gode og bøndene ved blotet på Mære (1860) av Peter Nicolai Arbo.

Soga om Håkon den gode i Heimskringla fortel mykje om blot, som den kristne kongen prøver å avskaffa og til slutt blir tvinga til å ta del i.

De var gamal skikk, naar de skulde vera blot, at alle bøndane skulde koma der som hove var, og hava med seg dit alt de som dei skulde hava medan gjeste-bode stod paa. Ved dette gjestebode skulde kvar mann hava sitt eigi øl med seg, og de vart slagta allslags fe og hestar; og alt blode, som kom av deim, kalla dei laut, og lautbollar de som blode stod i, og lautteinar kalla dei noko som saag ut liksom ein visp. Med den skulde dei farga alle stallane og likeins veggine paa hove utvendes og innvendes, og skvetta paa folke; men slagte skulde dei koka til mat for aalmugen. De skulde vera eld midt paa golve i hove, og kjetlar yvi, og dei fulle skaaline skulde dei bera um elden. Men den som gjorde gjestebode og var hovding, skulde signa skaali og all blotmaten. Fyrst skulde dei drikka skaali hans Odin til siger og magt aat kongen sin, og so skaali hans Njord og skaali hans Frøy for godt aar og fred. Etter dette var de mange som hadde for skikk aa drikka Brage-skaali. Dei drakk skaalir for frendane sine med, dei som gjæve hadde vori, og de kalla dei minneskaalir. [...]
Um hausten ved vetternætane var de blotgilde paa Lade, og kongen kom dit. Han hadde jamnan fyrr vori vand til, naar han var til staes der som de var bloting, aa eta i eit lite hus for seg sjølv med nokre faa menn; men bøndane kjærde seg for de, at han ikkje sat i høgsæte sitt, naar gleda var størst i lage; jarlen sagde at han skulde ikkje gjera so no; og de vart soleis og, at kongen sat i høgsæte sitt. Men daa den fyrste skaali var skjenkt, so tala Sigurd jarl for skaali og signa ho til Odin og drakk kongen til av horne. Kongen tok imot og gjorde krossmerke yvi de. Daa sagde Kaar fraa Gryting: «Kvi fer kongen no soleis aat? vil han ikkje blota endaa?» Sigurd jarl svarar: «Kongen gjer de, som alle dei gjer, som trur paa si eigi magt og styrke, og signar skaali til Tor; han gjorde hamarsmerke yvi, fyrr han drakk.» [...]
Dagen etter, daa dei gjekk til bords, styrmde bøndane umkring kongen og sagde at no skulde han eta hestekjøt. Kongen vilde ikkje de for alt i verdi. Daa bad dei han drikka sóde, men han vilde ikkje. Daa bad dei han eta feitte, men han vilde ikkje de heller. Og daa var de nære paa, at dei hadde teki paa han. Sigurd jarl vilde faa deim forlikte og bad deim stilla stormen; og han bad kongen gapa yvi kjetil-hodda, som sod-røyken av hestekjøte hadde lagt seg paa, so hodda var feittut. Daa gjekk kongen til og linda ein lin-duk um hodda og gapa yvi, og dermed gjekk han til høgsæte, og ingin av deim lika seg.
Um vetteren etter var de stelt til eit jolegilde aat kongen innpaa Mæren. Men daa de leid mot joli, sette dei stemnelag med kvarandre, dei aatte hovdingane som raadde mest for blotingi i heile Trøndelag [...] Uttrøndine for med sine skip sør til Møre og drap der tri prestar og brende tri kyrkjur, og so fór dei attende. Men daa kong Haakon og Sigurd jarl kom inn til Mæren med hirdi si, so var bøndane komne der og var overlag mangmente. Den fyrste gjestebodsdagen gjekk bøndane inn paa kongen og bad han blota, og truga han elles med hard medferd. Sigurd jarl talde til godes, og de vart til de, at kong Haakon aat nokre bitar hestelevr, og han drakk daa alle dei skaaline, som bøndane skjenkte aat han, og gjorde ikkje krossmerke. Daa de var slutt paa dette gjestebode, fór kongen og jarlen strakst ut til Lade; kongen var stur og laga seg strakst til aa fara burt fraa Trondheim med alt folke sitt, og sagde so fallne ord, at han skulde vera meir mangment næste gongen han kom att til Trondheim, og løna bøndane denne fiendskapen.[9]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads