Njord
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Njord (norrønt Njǫrðr, kanskje frå urnordisk Nerthuz) er havguden i norrøn gudetru. Han rår over vindane og rikdommen i havet, og kan stilla storm og sløkka eld. Han er guden ein kan blota til for for lukkeleg seilas, godt fiske, jaktlukke, for rikdom og lausøyre. Njord var ein viktig gud som ein finn spor av i ei rekke stadnamn i Skandinavia.

Guden er kjend som far til Frøy og Frøya, anten med si eiga søster, som også kan ha blitt kalla Njord, eller med seg sjølv som tvekjønna. Han er også kjend for eit kortvarig ekteskap med jotunkvinna Skade, som feila fordi han føretrekte havet medan ho lengta til fjellheimen til far sin.
Njord var av vaneslekt og budde opphavleg i Vanaheim. Som del av fredspakta med æsene etter Vanekrigen kom han til æsene, der han blei rekna som ein av dei høgaste. Han budde i Noatun (Nóatún, som betyr 'skipstun', altså 'hamn'), ved sjøen.
Remove ads
Njord i stadnamn
Ei rekke stader i Noreg har namn som truleg kjem frå guden Njord, og tyder på omfattande dyrking i Norden. Ein finn Njord-namn særleg på stader der sjørfart og fiske var viktig, som ved Mälaren i Sverige, ved Oslofjorden og på Vestlandet i Noreg.
Dei fleste namna er avleia av den norrøne genitivsforma Njarðar som kan ha blitt til Njær-, Nær- eller Norder- på moderne norsk. Namn som opphavleg hadde kortforma Njarð- kan òg ha eit anna opphav enn Njord.
Bruk i nyare tid
Njordfeltet er eit olje- og gassfelt i Norskehavet, om lag 130 km nordvest for Kristiansund.
I innlandet i Sør-Varanger i dagens Finnmark er det eit område som heiter Noatun.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads