Boom Boom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Boom Boom» er ein bluessong skriven av John Lee Hooker og innspelt i 1961. Songen vart ein hit i USA i 1962 og i Storbritannia i 1992. Han er ein av dei mest kjende songane til Hooker og er spelt inn av mange andre artistar, mellom anna som ein pophit av The Animals i 1965.
- Denne artikkelen handlar om songen av John Lee Hooker. For songen av Emmy, sjå Boom Boom av Emmy.
Remove ads
Originalen
«Boom Boom» er ein livleg takt-stopp song, i 4/4-takt og C-dur, som ikkje følgde det vanlege 12-takts bluesmønsteret.[2] I følgje Hooker skreiv han songen i Apex Bar i Detroit: «Eg kom aldri tidsnok. Eg kom alltid for seint. Og Willa, bartenderen sa alltid, 'Boom boom—du er for sein igjen'. Kvar kveld: 'Boom, boom—du er for sein igjen'. Eg sa 'Hmm, det er ein song!'»[3]
Hooker hadde ein unik sans for timing, noko som kravde «storøyrde sidemenn».[4] Med seg hadde John Lee Hooker (vokal og gitar) medlemmar av Funk Brothers (Joe Hunter (piano), James Jamerson (bass) og Benny Benjamin (trommer)); plus Larry Veeder (gitar), Hank Cosby (tenorsaksofon) og Andrew «Mike» Terry (barytonsaksofon).
Songen vart ein hitt, og nådde 16. plass på Billboard R&B-lista der han låg i åtte veker i 1962.[5] «Boom Boom» nådde òg 60. plass på Billboard Hot 100, som ein av berre to singlar av Hooker.[5] Tretti år seinare, etter at songen vart nytta i ein Lee Jeans-reklame i 1992, nådde songen 16. plass på den britiske singellista.[6] Hooker spelte sidan inn fleire versjonar, mellom anna ei omarbeiding kalla «Bang Bang Bang Bang» frå Live at Soledad Prison og som ein gatemusikar i South Side Chicago i filmen The Blues Brothers. Sjølve songen var ikkje med på dette soundtracket.
Remove ads
The Animals-versjonen
Det engelske rockebandet The Animals spelte inn «Boom Boom» for det britiske debutalbumet deira The Animals. Utgåva deira følgjer generelt John Lee Hooker sin versjon, men held seg til ein 12-takts bluesstruktur.[8] Dei la òg til «shake it baby» som eit svar til «come on and shake...»-refrenget i midten.[8]
The Animals-versjonen vart gjeven ut som singel berre i Nord-Amerika og nådde 43. plass på singellista i USA.[9] og 15. plass i Canada.[10] Songen vart òg gjeven ut på det andre amerikanske albumet deira The Animals on Tour, samt fleire samlealbum.
Remove ads
Andre versjonar
Som ein av dei mest kjende songane til Hooker, er «Boom Boom» blitt spelt inn av mange artistar. Av desse finn ein The Yardbirds, Mae West, Shadows of Knight, CCS, Dr. Feelgood, Bruce Springsteen and the E Street Band, Big Head Todd & the Monsters og The Oak Ridge Boys.
Lovord
I 1995 vart John Lee Hooker sin versjon av «Boom Boom» lagt til på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll.[11] Han vart innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i 2009 i kategorien «Klassisk bluesinnspeling».[12]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads