The Animals on Tour
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Animals on Tour var det andre studioalbumet til det britiske rockebandet The Animals som dei gav ut i USA. Det vart gjeve ut på MGM Records i februar 1965.[1] Albumet inneheldt dei to tidlegare singlane «I'm Crying» og «Boom Boom». Åtte av songane på albumet kom kort tid etter ut på den britiske utgåva av albumet Animal Tracks, så på mange måtar er dette berre den amerikanske utgåva av dette albumet (eller motsett). Den amerikanske utgåva av Animal Tracks hadde eit ganske anna innhald enn den britiske utgåva.
Albumet kom ut i både mono og stereo format. Songane i stereo er alle rekanaliserte,[3] som vil sei at dei originale songane vart miksa i mono og så miksa på ny i stereo. Rekanalisering vart ofte gjort på amerikanske utgjevingar av britiske artistar.
Albumet nådde 99. plassen på Billboard 200.[4]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Eric Burdon – vokal
- Alan Price – klaverinstrument
- Hilton Valentine – gitar
- Chas Chandler – bass
- John Steel – trommer
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads