Break Away

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Break Away» (stundom skrive som «Breakaway») er ein song skriven av Brian Wilson (Murry Wilson, far hans, er tilskriven som tekstforfattar under psevdonymet Reggie Dunbar) for The Beach Boys i 1969. Songen vert rekna som ein av dei sterkare songane deira, men singelen gjorde det heller dårleg og nådde berre 63. plass i heimlandet, USA. I utlandet gjorde han det noko betre.

Meir informasjon The Beach Boys-kronologi ...

Etter innspelingane av Smiley Smile vart rolla til Brian Wilson som bandleiar og sjef i studio mindre viktig. Mellom Surfer Girl og singelen «Heroes and Villains» var berre Brian Wilson tilskriven som produsent, men framover var heile bandet tilskriven denne rolla. «Break Away» var den siste utgjevinga der Brian Wilson står som produsent før «Child of Winter» i 1974.

Carl Wilson syng versa på «Break Away» (med Mike Love) og Al Jardine syng refrenget. I starten var det meininga at Brian Wilson skulle synge første verset. Tidlege studiomiksar gjevne ut på samleplater i seinare tid stadfester dette.

Brian Wilson har fortalt at the Monkees inspirerte han til å skrive denne songen.

Singelen vart gjeven ut med «Celebrate The News» som B-side i juni 1969. Det var den siste singelen til bandet i 60-åra og den nest siste dei gav ut på Capitol Records før dei gjekk til Warner Brothers. Singelen nådde 63. plass i USA, men gjekk heilt til sjetteplass i Storbritannia. I Tyskland nådde songen 29. plass, og var den siste singelen deira som gjekk inn på listene i Tyskland før 1987. I Nederland nådde songen 17. plass og i New Zealand 20. plass.

«Break Away» kom ikkje ut på noko studioalbum, men har kome med på fleire samleplater i åra etter.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads