Surfer Girl

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Surfer Girl er det tredje studioalbumet til The Beach Boys og det andre albumet deira som kom ut i 1963. Dette var det første albumet til The Beach Boys der Brian Wilson står som produsent.

Meir informasjon Kritikk, The Beach Boys-kronologi ...

Surfer Girl nådde 7. plass i USA og låg på lista her i 56 veker. I Storbritannia vart albumet gjeve ut på ny våren 1967 og nådde då 13. plass her. Surfer Girl finst i dag på CD i lag med Shut Down Volume 2 og bonusspor frå denne tida, inkludert ei tyskspråkleg utgåve av «In my Room».

Remove ads

Soge

Tittelsporet, som nådde 7. plass på singellista i USA, var den første Brian Wilson skreiv, 19 år gammal, med «When You Wish Upon A Star» som mal. Songen var ein ballade og var eit risikabelt val som singel, men kvaliteten som låg i songen gjorde han likevel til ein kommersiell suksess. B-sida på singelen, «Little Deuce Coupe», var den mest suksessrike B-sida til The Beach Boys og nådde 15. plass i USA. Dei opphald slik òg tradisjonen deira med å setje ein surfesong på A-sida og ein bilsong på B-sida. Syster til Mike Love, Maureen, spelte harpe på «Catch a Wave», medan «The Surfer Moon» var den første Beach Boys-songen med strykearrangement. «In My Room» var truleg den første personlege songen Brian Wilson skreiv og omhandla ein stad ein kan trekke seg tilbake til og slappe av frå mas og jag.

Albumet selde til gull i USA.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Beach Boys
Andre musikarar og produksjon

Salslister

Album
Meir informasjon År, Liste ...
Singlar
Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads