Ronnie Scott

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ronnie Scott (28. januar 192723. desember 1996) var ein engelsk jazz-tenorsaksofonist og jazzklubbeigar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Historie

Scott byrja å spele i små jazzklubbar då han var 16 år gammal. Han turnerte med trompetisten Johnny Claes frå 1944 til 1945 og med Ted Heath i 1946, i tillegg til å arbeide med Ambrose, Cab Kaye og Tito Burns. Han var involvert med det kortvarige Club Eleven (19481950), med Johnny Dankworth og andre, og var medlem av generasjonen britiske musikarar som arbeidde på Cunard-skipet «Queen Mary» (periodeivis 1946ca. 1950) for å kunne vitje New York og høyre ny musikk på direkten. Scott var av dei tidlegaste britiske musikarane som var påverka av spelestilen til Charlie Parker og andre bebop-musikarar.

I 1952 vart Scott med i orkesteret til Jack Parnell og leia så sitt eige ni mann stort orkester med mellom andre Pete King, som han seinare opna sin eigen jazzklubb i lag med, Victor Feldman, Hank Shaw og Phil Seamen frå 1953 til 1956. Han leia The Jazz Couriers i lag med Tubby Hayes frå 1957 til 1959, og var leiar for ein kvartett inkludert Stan Tracey (19601967).

I denne perioden spelte han òg stundom i studio for andre artistar, mellom anna på The Beatles sin «Lady Madonna». Han spelte òg på filmmusikk, som «Fear Is the Key» av Roy Budd. Han heldt fram å spele for artistar opp gjennom åra og spelte mellom anna soloen på hitsingelen til Phil Collins frå 1981, «I Missed Again».

Frå 196769 var Scott medlem av The Kenny Clarke-Francy Boland Big Band som turnerte mykje i Europa i lag med Johnny Griffin og Eddie «Lockjaw» Davis, samstundes som han dreiv sin eigen oktett med John Surman og Kenny Wheeler (19681969), og ein trio med Mike Carr på klaverinstrument og Bobby Gien på trommer (19711975). Han leia så forskjellige grupper, hovudsakleg med John Critchinson på klaverinstrument og Martin Drew på trommer.

Ronnie Scott var høgt respektert på begge sider av Atlanteren. Charles Mingus sa om han i 1961: «Av dei kvite gutane er det Ronnie Scott som ligg nærast den svarte blueskjensla, som Zoot Sims gjer det.»[1] D

Remove ads

Utvald diskografi

  • 1948: Boppin' at Esquire (indigo)
  • 1958: The Couriers of Jazz! (Carlton/Fresh Sounds)
  • 1965: The Night Is Scott and You're So Swingable (Redial)
  • 1965: When I Want Your Opinion, I'll Give it to You (Jazz House)
  • 1969: Live at Ronnie Scott's (Columbia)
  • 1977: Serious Gold (Pye)
  • 1990: Never Pat a Burning Dog (Jazz House)
  • 1997: If I Want Your Opinion (Jazz House)
  • 1997: The Night Has a Thousand Eyes (Jazz House)
  • 2000: Boppin' at Esquire (Indigo)
  • 2002: Ronnie Scott Live at the Jazz Club (Time Music)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads