Bridges to Babylon
album av The Rolling Stones From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bridges to Babylon er eit album av The Rolling Stones som kom ut i 1997. Det vart det siste studioalbumet deira på 90-talet og det siste albumet med nye songar fram til 2005. Albumet vart etterfølgd av ein eitt år lang og suksessrik verdsturné.
Remove ads
Etter Voodoo Lounge, Voodoo Lounge Tour og Stripped i 1994-1995, tok dei ein velfortent pause før bandleiarane Mick Jagger og Keith Richards kom saman igjen sommaren 1996 og starta å skrive nye songar. Mot slutten av året hadde dei ny demoar. Bandet nytta Don Was som produsent igjen, men Jagger var òg imponert av det The Dust Brothers hadde fått til med Beck-albumet Odelay. Richards, som ønskte at bandet som vanleg skulle halde seg til røtene sine, likte ikkje ideen, så det er berre mogeleg å høyre produksjonen deira på «Anybody Seen My Baby», «Saint of Me» og «Might As Well Get Juiced». Albumet vart slikt det første og einaste av Stones som har nytta sampling. Eit par ekstra produsentar skulle òg medverke på prosjektet.
Bridges to Babylon vart spelt inn våren og sommaren 1997 i Los Angeles. Albumet vart mastra og like før den første singelen, «Anybody Seen My Baby?», skulle ut, gjorde dotter til Richards, Angela, faren merksam på at songen var særs lik k.d. lang-hitten «Constant Craving» frå 1992 i refrenget. For å unngå ein framtidig rettsstrid vart medlåtskrivaren hennar, Ben Mink, tilskriven i lag med Jagger og Richards. Då songen kom ut nådde han 22. plass i Storbritannia og vart ein radiohit i USA.
Bridges to Babylon fekk blanda kritikk og nådde sjetteplassen i Storbritannia og tredjeplassen i USA, der det selde til platina. I Noreg gjekk plata heilt til topps på VG-lista. Singlane «Saint of Me» og «Out of Control» hadde òg noko suksess.
Åtte forskjellige musikarar spelte bass på albumet: Jeff Sarli, Jamie Muhoberac, Blondie Chaplin, Don Was, Danny Saber, Darryl Jones, Me'shell Ndegeocello og Doug Wimbish.
Stones hadde no vorte eit konsertfenomen. Bridges to Babylon-turneen i 1997 bestod av 108 konsertar, og vart den nest mest inntektsbringande turneen i Nord-Amerika nokon gong.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde
Japansk bonusspor
Eit konsertspor spelt inn i Tokyo Dome den 6. mars 1995 i Tokyo i Japan.
Remove ads
Medverkande
The Rolling Stones
- Mick Jagger – solo- og korvokal, gitar, klaverinstrument, munnspel
- Keith Richards – gitar, korvokal, piano; solovokal på «You Don't Have to Mean It», «Thief in the Night» og «How Can I Stop»
- Ronnie Wood – gitar, slidegitar, pedalsteelgitar, dobro
- Charlie Watts – trommer; korvokal på «Always Suffering»
Produksjon
|
Andre medverkande
|
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads