Brig-Glis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brig-Glismap
Remove ads

Brig, offisielt Brig-Glis (fransk Brigue-Glis, italiensk Briga-Glis) er ein kommune i distriktet Brig i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 12 467 innbyggjarar (2010) og eit areal på 38 km². Kommunesenteret ligg 691 meter over havet.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Den noverande kommunen vart skipa i 1972 då byen Brig, Brigerbad og Glis vart slått saman.[1]

Han er ein pittoresk liten by i Øvre Valais, ved foten av nordsida av vegen opp mot Simplonpasset, ved høgrebreidda av elva Saltina, og like ovanom samløpet til denne elva med Rhône. Brig ligg nær grensa til Italia.

Remove ads

Historie

Byen vart truleg grunnlagd av biskopen av Sion. På 1300-talet vart Brig første gong nemnd som ein by. Han vart gradvis viktigare og i 1518 vart han hovudstad i Zenden (eit distrikt i Valais) Brig. Rådhuset i byen vart først nemnd i 1618. Bymuren tente som flaumvern frå elva Saltina, som ofte flauma over, i nyare tid i 1920 og 1993. Elva Rhône skapte flaum i 1469, 1506, 1640, 1752, 1775, 1868 og 1920. I 1755 og igjen i 1855 vart byen øydelagd av jordskjelv. Pest råka byen i 1465, 1475, 1485 og 1575. I 1799 plyndra franske soldatar byen, brende arkiva og påførte byen store skadar.

Thumb
Elva Saltina i Brig
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads