Brividi

song frå 2022 med Mahmood og Blanco From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Brividi» (norsk omsetjing 'frysingar') er ein italiensk popballade frå 2022. Songen vert framført av songarane Mahmood og Blanco. Dei skreiv songen saman med musikkprodusenten Michele Zocca, kjend under kunstnernamnet «Michelangelo». Songen vann Sanremo-festivalen 2022 og var det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Brividi» vart gjeven ut av Island og Universal 2. februar 2022, i samband med deltakinga i Sanremo-festivalen, den største musikktevlinga i Italia. Songen er skriven av songarane Mahmood og Blanco saman med musikkprodusenten Michele «Michelangelo» Zocca. Songen vekte oppsikt sidan songen var den fyrste i historia til Sanremo-festivalen å ta opp homofil kjærleik.[1][2]

«Brividi» vart strøyma 3,3 millioner gongar det første døgnet etter utgjevinga, og sette strøymerekord for Spotify i Italia.[3] Låten gjekk også rett til topps på den italienske singellista etter berre tre dagar.[4] Laurdag 5. februar vann songen Sanremo-festivalen og vart med det det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.[5] Songen har italiensk tekst.[6][7] I finalen av Eurovision Song Contest enda «Brividi» på sjetteplass, det beste resultatet for ein vertsnasjon sidan 2016.

Remove ads

Musikkvideo

Musikkvideoen til «Brividi» er regissert av Attilio Cusani og vart spela inn i Amsterdam.[8] Videoen vart gjeven ut 2. februar 2022 via YouTube-kanalen til Mahmood.[9]

Opphavspersonar

Henta frå Tidal:[10]

  • Michele Zocca («Michelangelo») – produsent, komponist
  • Mahmood – utøvar, komponist, tekstforfattar, vokal
  • Blanco – utøvar, komponist tekstforfattar, vokal

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads