Brotherhood av The Doobie Brothers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Brotherhood er det 11. studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers. Albumet kom ut 15. april 1991 av Capitol Records. Det var det andre og siste albumet deira for Capitol. Det var òg det siste Doobie Brothers-albumet med bassisten Tiran Porter og den originale trommeslagaren John Hartman.

Meir informasjon The Doobie Brothers-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Fire av ti spor var skrivne av musikarar utafor bandet, men to av desse, låtskrivaren Jerry Lynn Williams og Jim Peterik frå Survivor samarbeidde med Tom Johnston og Patrick Simmons på somme av songane.

Albumet hadde ingen hitsinglar, men «Dangerous», som omhandla lidenskapen til Simmons for motorsyklar frå Harley-Davidson, nådde andreplassen på Hot Mainstream Rock Tracks-lista og vert framleis framført på konsertane deira. Johnston sin «Rollin' On» nådde 12. plassen på den same lista.

Albumet fekk dårleg kritikk og selde dårleg. Det nådde berre 82. plassen på den amerikanske albumlista då det kom ut, og bandet vart droppa av Capitol. Tiran Porter slutta i bandet for å satse på ein kort solokarriere, då han var frustrert over at songane hans ikkje vart godtekne av bandet, medan John Hartman trekte seg heilt frå musikkindustrien. Dei to tidlegare medlemmane, trommeslagaren Keith Knudsen og gitaristen John McFee, vart henta inn som erstattarar. Dei neste ni åra spelte dei derimot berre konsertar og gav ikkje ut fleire studioalbum før Sibling Rivalry i 2000.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Doobie Brothers

Andre musikarar

Produksjon

  • Produsent og lydteknikar – Rodney Mills
  • Assisterande produsent – Kathy Neslon
  • Lydteknikar – Devon Rietveld
  • Miksing – Rodney Mills og Chris Lord-Alge
  • Innspelt og miksa i The Record Plant (Sausalito, CA); Spor 4 spelt inn og miksa i Image Recording Studios (Hollywood).
  • Mastering av Bob Ludwig i Masterdisk (New York i NY).
  • Design – John Kehe
  • Fotografi – Peter Darley Miller
  • Foto på framsida – Robert Doisneau
  • Kunstnarisk leiar – Tommy Steele
  • Management – Bruce Cohn
  • Turnémanager – Tim McCormick

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads