Cycles av The Doobie Brothers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Cycles er det tiande studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 17. mai 1989 på Capitol Records.

Meir informasjon The Doobie Brothers-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet markerte sameininga av bandet etter at dei først vart oppløyst i 1982. Det var derimot ikkje besetninga som hadde eksistert på den tida, med Michael McDonald bak roret, som kom saman att. I staden var det besetninga frå 1972-1974 som kom saman, sjølv om Bobby LaKind, som hadde spelt perkusjon med den seinare besetninga, òg kom med i bandet. Tom Johnston, John Hartman og Michael Hossack var attende i bandet etter å ha vore ute sidan høvesvis 1977, 1979 og 1974.

Albumet var stort skriven i lag med produsentar og sidemenn. Bobby LaKind samarbeidde med dei tidlegare Doobie-medlemmane John McFee og Keith Knudsen på «Time is Here and Gone» og Michael McDonald på «Tonight I'm Coming Through (The Border)». Det vart òg spelt inn to coverversjonar, Four Tops sin «One Chain (Don't Make No Prison)» og Isley Brothers sin «Need a Little Taste of Love».

Tittelen på albumet var henta frå ein unytta song skriven av Tiran Porter. Porter spelte seinare inn songen i 1995 på soloalbumet hans Playing To An Empty House.[5]

Songen «The Doctor» vart gjeven ut på singel og nådde niandeplassen på Billboard's Hot 100-lista og gjekk heilt til topps på Mainstream Rock-lista. Etter dette albumet trekte Bobby Lakind seg frå bandet på grunn av ulækjeleg tjukktarmkreft, som han døydde av i 1992.

Albumet kom ut i 2002 på One Way Records med to bonusspor.[6] Det første var «Anything for Love», skriven av Bobby LaKind med Eddie Schwartz og Zeke Zirngiebel, som opphavleg kom ut på CD-singelen «The Doctor». Den andre var ein lengre miks av «Need A Little Taste of Love», som hadde vore på CD-singelen «One Chain».

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Doobie Brothers

Andre medverkande

Remove ads

Produksjon

  • Produsentar: Eddie Schwartz, Charlie Midnight, Rodney Mills
  • Produksjonsassistent: Rodney Mills
  • Lydteknikarar: Tom Sadzeck, Devon Bernadoni, Jim Gaines, Rodney Mills, Jeffrey Norman
  • Mastering: Bob Ludwig
  • Remiksing: Brian Wayy
  • Programmering: Brian Wayy
  • Dirigent: Bobby LaKind
  • Design: Jeffery Fey
  • Fotografi: Tom Keller
  • Logodesign: Tom Nikosey
  • Kunstnarisk leiar: Tommy Steele

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads