Brujo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brujo er det femte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage, gjeve ut i 1974 på Columbia Records. Med eit konsertalbum i tillegg, var dette det sjette albumet deira på tre år.
Brujo var det første New Riders-albumet med Skip Battin. Battin hadde erstatta Dave Torbert som bassist i bandet, etter at Torbert slutta for å bli med i Kingfish.
Den einaste singelen frå albumet var «You Angel You»/«Parson Brown».
Allmusic meinte albumet leid av at det var det sjette albumet deira på tre år, og at Dawson ikkje hadde like mange gode songar å kome med som på dei føregåande albuma, og at Skip Battin måtte ta seg av meir av låtskrivinga. Countrypopstilen til Battin gjorde det til eit litt anna New Riders-album.[1] I tillegg spelte dei eit par coversongar med Don Gibson sin «Ashes of Love» frå 1968 og Bob Dylan sin «You Angel You» frå 1974.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
New Riders of the Purple Sage
- John Dawson - gitar, vokal
- David Nelson - gitar, mandolin, vokal
- Spencer Dryden - trommer, vokal
- Skip Battin - bass, vokal
- Buddy Cage - steelgitar
Gjestemusikar
- Neil Larson - klaverinstrument
- Mark Naftalin - klaverinstrument
- Ed Freeman - mellotron
- Dan Patiris - engelsk horn
- Armando Peraza - bongo
Produksjon
- Produsent: Ed Freeman
- Lydteknikar: Bob Edwards/Kurt Kinzel
- Fotografi: Urve Kuusik
- Kunst: Gage Taylor
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads