Buranovskije Babusjki

From Wikipedia, the free encyclopedia

Buranovskije Babusjki
Remove ads

Buranovskije Babusjki, «Bestemødrene frå Buranovo», er ei russisk song- og dansegruppe frå Buranovo i Udmurtia. Gruppa representerte Russland i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Party for Everybody». Bestemødrene er udmurtar, og syng dei fleste songane sine på udmurtisk.

Thumb
Buranovskije Babusjki opptrer.
Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...

Tidlegare har gruppa sunge coverlåtar, mellom anna «Yesterday» og «Let It Be» av The Beatles og «Smoke on the Water» av Deep Purple. Dei har også delteke i den russiske finalen av Eurovision tidlegare, i 2010. Den gongen deltok dei med songen «Dlinnaja-Dlinnaja Beresta I Kak Sdelat Iz Nee Aishon» ('Svært lang bjørkenever, og korleis ein kan laga turban av han'). Songen enda på tredjeplass.

Då «Party for Everybody» vann den russiske finalen i 2012, danka han mellom anna ut eit bidrag av den tidlegare Eurovision-vinnaren Dima Bilan. Songen blei framført på både udmurtisk og engelsk. Gruppa uttalte i 2012 at dei ville bruka pengane dei tente til å byggja ei kyrkje i Buranovo.

Remove ads

Eurovision Song Contest 2012

Bestemødrene deltok i den fyrste semifinalen i Baku den 22. mai 2012, og gjekk vidare til finalen. Eigentleg er det åtte medlemmer i gruppa, men berre seks av dei fekk opptre på Eurovision-scena. I finalen enda bestemødrene på ein god andreplass med 259 poeng, berre slått av vinnaren Loreen med 372 poeng.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads