Stormbringer av Deep Purple

musikkalbum av Deep Purple From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stormbringer er det niande studioalbumet til den engelske rockegruppa Deep Purple, gjeve ut i november 1974. Det var andre studioalbuma til bandet med Mark III-besetninga, inkludert vokalist David Coverdale og bassist/vokalist Glenn Hughes.

Meir informasjon Deep Purple-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Plateomslag og tittel

Omslagsbildet til Stormbringer er basert på eit fotografi. Den 8. juli 1927 vart ein tornado i nærleiken av byen Jasper i Minnesota fotografert av Lucille Handberg.[4] Fotografiet hennar har vorte eit klassisk bilete,[5] og vart brukt og redigert til dette plateomslaget. Det same fotografiet vart brukt til Miles Davis-albumet Bitches Brew i 1970 og Siouxsie and the Banshees-albumet Tinderbox i 1986.

Stormbringer er namnet på den andre Elric of Melniboné-romanen av Michael Moorcock. Det er namnet på eit magisk sverd skildra i mange romanar og teikneseriar av Moorcock og andre som naut enorm suksess på 1960- og 70-talet. David Coverdale har nekta for kjennskap til dette fram til kort tid etter innspelinga av albumet. I eit intervju med Charles Shaar Murray i New Musical Express hevda han at namnet var henta frå mytologien.[6] Nokre år seinare samarbeidde Moorcock med Blue Öyster Cult om å skriva «Black Blade», ein song som faktisk handla om sverdet Stormbringer.[7]

Ifølgje Glenn Hughes er det utydelege kaudervallet som Coverdale seier i byrjinga av tittelsporet, rett før første vers, den same baklengs-dialogen som Linda Blair sin rollefigur uttaler i filmen Eksorsisten, når ho blir avhøyrd av presten.[8]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I ei retrospektiv melding skriv Alex Henderson i AllMusic at «Stormbringer ikkje når opp til Machine Head og Who Do We Think We Are, men kan likevel skilta med nokre klare klassikarar - mellom anna den heftige 'Lady Double Dealer', den illevarslande tittellåten (ein goth metal-skatt), den sveitten 'High Ball Shooter' og den melankolske balladen 'Soldier of Fortune'.»[9]

Gitaristen Ritchie Blackmore forlét Deep Purple etter Stormbringer og den følgjande turneen, og grunngav det offentleg med at han ikkje likte den funky retninga bandet tok.[14] Glenn Hughes rosar likevel albumet og Blackmore sine bidrag: «Folk som høyrer på Stormbringer, vêr så snill å høyr etter... Ritchie Blackmore er jævlig funky, anten han liker det eller ikkje. Han spelte fantastisk på albumet.»[15]

Nyutgivingar

I 1990 vart albumet ommastra og gitt ut på ny i USA av Metal Blade Records, med distribusjon av Warner Bros..

Friday Music-selskapet gav ut ein versjon i USA 31. juli 2007 (saman med Made in Europe og Come Taste the Band). Det er uklart kva band som vart brukte som kjelde for denne utgivinga, men nettsida til plateselskapet hevdar at albumet vart digitalt ommastra (men ikkje utvida).

I tillegg samarbeidde EMI (plateselskapet til Deep Purple for store delar av verda utanfor USA) med Glenn Hughes om ein ommastra, utvida versjon av albumet (til liks med Burn-nyutgivinga) som inkluderte bonusremiksar og alternative opptak.

Den 23. februar 2009 vart 35-årsjubileumsutgåva av Stormbringer gitt ut berre for det europeiske/internasjonale marknaden. Utgivinga vart utvida til eit avgrensa opplag på to plater: den første plata inneheldt heile det ommastra albumet saman med dei nye remixene, og den andre plata var ein DVD som inneheldt den kvadrofoniske miksen i 5.1-lyd slik den opphavleg vart gitt ut i USA på 8-sporsband i 1974. Etter eit avgrensa opplag av CD/DVD-utgåva vart albumet tilgjengeleg i ei enkelt CD-utgåve. Det vart òg gitt ut ein avgrensa, dobbel vinylutgåve.

Remove ads

I populærkulturen

Songen «Stormbringer» blir brukt i seriefinalen av den amerikanske TV-serien Ash vs. Evil Dead.[16]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Deep Purple
Produksjon
  • Produsert av Deep Purple og Martin Birch.
  • Spelt inn i Musicland Studios i München i august 1974.
  • Lydteknikarar: Martin Birch, assistert av Reinhold Mack og Hans Menzel.
  • Ytterlegare innspeling og lydmiksing av Martin Birch og Ian Paice, assistert av Gary Webb og Garry Ladinsky på The Record Plant, Los Angeles i september 1974.
  • Mastra hos Kendun Recorders i Burbank i California
  • Jubileumsutgåva digital mastra og ommastring av Peter Mew i Abbey Road Studios, London.
  • Remiksar til «35-årsjubileumsutgåva» miksa av Glenn Hughes med Peter Mew i Abbey Road Studios, London, 3. november 2006
  • «High Ball Shooter» (instrumental) miksa av Gary Massey i Abbey Road Studios, London, april 2002.
  • Opphavleg Quad-miks av Gary Ladinsky i The Record Plant, oktober 1974.
  • Omformatert for 5.1-kringlyd av Peter Mew i Abbey Road Studios, London, februar 2008[6]
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1974-1975), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Utmerkingar

Meir informasjon Publikasjon, Land ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads