Camborne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Camborne (kornisk Cambron) er ein by i Cornwall, England. Han var tidlegare administrasjonssenter for distriktet Kerrier, og var tidlegare ein industriby. Byen inngår i eit urbant område saman med Pool og Redruth, som til saman har omkring 45 000 innbyggjarar. På 1700-talet var Camborne eit sentrum for tinn- og koparindustrien.
- For landsbyen i Cambridgeshire, sjå Cambourne.
Gruva Dolcoath var med omkring 1050 meter i mange år den djupaste gruva i verda. Han var òg, inntil han vart nedlagt i 1921, ei av dei eldste som var i drift. Den siste tinngruva i Europa, South Crofty, låg òg i Camborne, og vart nedlagt i 1998. Det var òg mykje annan industri relatert til gruvene i Camborne, blant anna selskapet Holmans, som var den største produsenten til grevskapet av industriutstyr. Holmans eksisterer no som eit mindre selskap under namnet CompAir, og er den største leverandøren av kompressorutstyr i Storbritannia.
Eit kjent bysbarn er Richard Trevithick. Han var son av ein gruvearbeidar, og byrja å jobbe med damptrykk, noko som førte fram til eit av dei første damplokomotiva. Hans Puffing Devil vart først testa på ein veg i Camborne i 1801, noko som enno minnest i songen Going up Camborne Hill. Han fekk ikkje omsetnad for oppfinninga, og døydde fattig. I byen minnest han blant anna med ein statue utanfor biblioteket, og byen sin Trevithick Day siste laurdagen i april kvart år.
Etter mange år med økonomiske vanskar har Camborne, Pool og Redruth sett i gang (2004) eit stort gjenopplivingsprosjekt kalla CPR Regeneration (i tillegg til å vere initialane til byane er òg CPR ei forkorting for hjartemassasje og kunstig andedrått). Ei investering på 150 millionar pund frå den britiske regjeringa, skal gje 4 000 nye jobbar og auke løna i området med 15%.
Camborne School of Mines (grunnlagd 1888) er han einaste utdanningsinstitusjon for bergverksarbeidarar i Storbritannia. Han er ein del av University of Exeter in Cornwall, og held no til på campusen til universitetet i Tremough.
I 1921 vart det funne restar etter ein romersk villa på Magorgarden i Illogan rett ved Camborne. Dette er den einaste større romerske funnstaden i Cornwall.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads