Camembert Electrique
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Camembert Electrique er det andre studioalbumet av den progressive rockegruppa Gong, spelt inn og gjeve ut i 1971 på det franske selskapet BYG Actuel. Albumet vart spelt inn i Château d'Hérouville nær Paris i Frankrike, produsert av Pierre Lattès med Gilles Salle som lydteknikar. Jean Karakos (omtalt i teksten til Daevid Allen i omslaget som «Byg Jean Kastro Kornflakes») var leiande produsent.
Det første og siste sporet på kvar side er korte lyd-collagar.
Remove ads
Mottaking
David Ross Smith i Allmusic gav albumet 4,5 av fem stjerner og skreiv om albumet og bandet at «Gong var eit unikt progrockband som gjekk i alle retninga på ein gong, medan dei fleste andre prorockbanda helt seg til ei eller to retningar. Camembert Electrique er eit vitne på dette. Den 'elektriske osterocken' deira er ei blanding av psykedelisk rock, verdsromatmosfære og rombaserte tekstar, med dosar av jazz presentert med ei popkjensle, men likevel alltid intens. Frå det første sporet på Camembert, vert du transportert til planeten Gong via stemma til ein 'radiognom' som av og til kjem inn for å minne deg på at du ikkje er i Kansas lenger. Daevid Allen leiar bandet gjennom fleire komposisjonar som musikalsk kan minne om, og kanskje er inspirert av, tidleg King Crimson. Trommeslagaren Pip Pyle spelte berre med Gong nokre få gonger, men han er ein markant person her. Det same er saksofonisten Didier Malherbe. Camembert Electrique er ikkje utdatert etter over 40 år og står 'sterkt og dampande' over det meste andre i Gong-katalogen.»
Remove ads
Innhald
Spor 1 vart kalla «Radio Gnome Prediction» på Virgin-utgåvene og «Radio Gnome» på seinare CD-utgåver for å unngå forveksling med ein seinare song som heiter «Radio Gnome Invisible», gjeve ut i 1973 på albumet Flying Teapot.
Remove ads
Medverkande
- Daevid Allen («Bert Camembert») - gitar (alle utanom 9), vokal, bass (9)
- Gilli Smyth («Shakti Yoni») - kviskring frå verdsrommet
- Didier Malherbe («Bloomdido Bad De Grasse») - saksofon, fløyte
- Christian Tritsch («Submarine Captain») - bass (alle utanom 9), gitar (9)
- Pip Pyle - trommer
- med
- Eddy Louiss - Hammondorgel og piano på 3
- Konstantin Simonovitch - fasa piano på 5
Oppført er òg «Venux De Luxe» (Francis Linon), lydteknikaren til bandet, som «switch doctor and mix master». Sonen til Robert Wyatt, Sam, er òg avbilda med bandet.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads