Canche
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Canche er ei av dei små kalkelvane i Frankrike som renn frå platået sør i Boulonnais og Picardie og ut i Den engelske kanalen. Elva Somme er den største av desse elvane. Nedslagsfeltet til Canche er 1 274 kvadratkilometer og ligg i den sørlege delen av departementet Pas-de-Calais. Elva har ein gjennomsnittleg hellingsgrad på 1,5 %.
Elva har sitt utspring ved Gouy-en-Ternois og passerer Frévent, Hesdin, Montreuil-sur-Mer før ho renn ut av kalkområdet og ut mot kysten mellom Étaples og Le Touquet-Paris-Plage. Dei største sideelvane hennar er Ternoise, Planquette, Créquoise, Bras de Bronne, Course, Dordogne og Huitrepin, som alle ligg på høgre side. På grunn av terrenget er det ingen større sideelvar på venstresida (i sør) før Grande Tringue, som renn ut i elvemunningen til Canche.
Remove ads
Galleri
- Canche ved Frévent, sør for St. Pol.
- Étaples: munningen til Canche
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads