Elva Somme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Elva Somme
Remove ads

Somme er ei elv i Picardie, nord i Frankrike. Namnet Somme kjem frå eit keltisk ord som tyder ro.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Historie

  • Elva er kanskje mest kjend for Slaget ved Somme i 1916 under den første verdskrigen.
  • Invasjonsflåten til William Erobraren samla seg i Sommebukta ved Saint-Valery-sur-Somme i 1066.
  • Under Slaget ved Balnchetaque i 1346 trekte Edward III sin hær seg tilbake over elva under felttoget som enda med Slaget ved Crécy.
  • Slaget ved Agincourt i 1415 innebar òg at elva vart kryssa.
  • Dei store slaga som til slutt stoppa tyskarane i Våroffensiven i 1918 vart kjempa i Sommedalen, som ved Villers Bretonneux, som markerte byrjinga på slutten av krigen.
Remove ads

Département og landsbyar langs elva

Thumb
Elvemunningen i Den engelske kanalen er mindre enn han var, men framleis omfattande.

Største sideelvar

  • Frå høgre
  1. Omignon
  2. Hallue
  3. Nièvre
  4. Scardon
  • Frå venstre
  1. Avre
  2. Selle
  3. Saint-Landon
  4. Airaine
  5. Ambroise
  6. Ancre

Hydrologi

Elva er kjenneteikna med svært låg hellingsgrad og jamn straum. Dalen har forholdsvis bratte sider, men i botn er han flat med myrer og basseng. Elva er ei kalkelv, og vasskjelda til elva er grunnvatn som piplar opp gjennom kalksteinen som elva renn over.

Ein av myrene i dalen, Marais de l'Île, er eit naturreservat i byen St. Quentin. Tidlegare vart det grave torv ut frå myrene, men i dag vert dei nytta til fiske og jakt.

I 1770 byrja konstruksjonen av Canal de la Somme, som stod ferdig i 1843. Han er 156 km lang, og byrjar ved St. Simon og Sommebukta. Frå St. Simon til Froissy (nær Bray sur Somme, sør for Albert) går kanalen ved sida av elva. Frå Abbeville, går kanalen gjennom den tidlegare elvemunningen, som no er tilmudra, til Saint-Valéry-sur-Somme, der kanalen går ut i Den engelske kanalen.

Thumb
Eit tjern i ein av myrane i dalbotnen.

St. Quentin Canal, vidkjend for slaget i 1918 knyter Somme til Nord-Frankrike og Belgia og sørover til elva Oise. Canal du Nord knyter òg Somme til Oise ved Noyon, og så Paris.

I 2001 vart Sommedalen råka av ein kraftig flaum, som stort sett kom av stigande vasspegel i omgivnadane.

Remove ads

Kjelder

  • Delattre, Ch., Mériaux, E. and Waterlot, M. Guides Géologiques Régionaux: Région du Nord, Flandre Artois Boulonnais Picardie (1973)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elva Somme


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads