Caress of Steel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Caress of Steel er det tredje studioalbumet frå det kanadiske progressive rockebandet Rush, utgjeve i september 1975.
Caress of Steel er det første Rush-albumet der dei har med ein 20-minuttar lang song, med handling, og delt opp i ulike delar. Albumet var meint å vere gjennombrotsalbumet til Rush, men diverre vart det ikkje slik. Eit skikkeleg gjennombrot fekk dei først med deira neste plate, 2112.
Det tredje albumet til Rush viser ein stil meir knytt til standard progressiv rock enn den dei hadde hatt frå før. Men likevel sit litt av den Led Zeppelin-inspirerte stilen att i songar som «I Think I'm Going Bald».
Eigenleg skulle coveret på albumet vere i sølv, for å få ein litt stålaktig farge på det. På grunn av ein utskriftsfeil av coveret vart sølvfargen erstatta med ein koparfarge. Ein liknande utskriftsfeil skjedde på det første albumet til Rush, Rush, der raudfargen som Rush-teksten på coveret skulle hatt, vart til rosa.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Alex Lifeson, Geddy Lee og Neil Peart
Remove ads
Medverkande
- Geddy Lee - bassgitar og vokal
- Alex Lifeson - 6- og 12-strengs elektrisk og akustisk gitar, klassisk gitar, steelgitar
- Neil Peart - trommer, perkusjon, voiceover på "The Necromancer"
Salstrofé
Land | Organisasajon | Sal |
USA | RIAA | Gull (500 000)[4] |
Lister
Album - Billboard (North America)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads