Geddy Lee

From Wikipedia, the free encyclopedia

Geddy Lee
Remove ads

Gary Lee Weinrib (fødd 29. juli 1953)[1] betre kjend som Geddy Lee, er ein kanadisk musikar, mest kjend som solovokalist, bassist og klaverspelar for den kanadiske rockegruppa Rush. Lee vart medlem av Rush i september 1968, etter å ha vorte invitert inn av barndomsvenen Alex Lifeson. Han erstatta då bassist og frontmann Jeff Jones.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Lee er ein prisvinnande musikarar og stilen, teknikken og dugleiken hans på bassgitar har inspirert mange rockemusikarar som Cliff Burton frå Metallica,[3] Steve Harris frå Iron Maiden,[4] John Myung frå Dream Theater,[5] Les Claypool frå Primus,[6] Frank Bello frå Anthrax, Jason Newsted frå Voivod[7], Juan Alderete frå The Mars Volta og Tim Commerford frå Rage Against the Machine.

I tillegg til låtskrivinga, arrangementa og konsertane med Rush, har Lee spelt med mange andre band, som Rocket Science. Det første soloalbumet til Lee, My Favourite Headache, kom ut i 2000.

I lag med bandkollegaene i Rush - gitarist Alex Lifeson og trommeslagar Neil Peart – vart Lee Offiser i Order of Canada i 1996. Trioen vart det første rockehandet som vart æra på denne måten, som ei gruppe.[8] Lee er rangert på 13. plass av Hit Parader på lista deira over dei 100 beste Heavy Metal-vokalistane gjennom tidenen.[9]

Remove ads

Prisar

  • Bass «Hall of Fame» – Guitar Player Magazine
  • 6 gongar vinner: «Best Rock Bass» – Guitar Player Magazine
  • 1993 – «Best Rock Bass Player» Bass Player kåra av lesarane
  • 1994 – Juno Hall of Fame
  • 1996 – Offiser av «the Order of Canada», saman med bandkollegaer Alex Lifeson og Neil Peart

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads