Chen Ning Yang
amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chen Ning Franklin Yang (1. oktober 1922–18. oktober 2025) var ein kinesisk-amerikansk fysikar.[1]
Yang er kjend for teoretiske undersøkingar av symmetriprinsipp og for arbeid innan statistisk mekanikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1957 saman med Tsung-Dao Lee for teoriane deira om at den svake vekselverknaden ikkje hadde paritetssymmetri (speglsymmetri). Chien-Shiung Wu stadfesta teorien eksperimentelt.
Han tok utdanninga si i Kunming. Frå 1946 studerte han hos E. Fermi ved University of Chicago, og vart i 1949 knytt til Institute for Advanced Study ved Princeton. Frå 1955 til 1965 var han professor same stad, og sidan 1966 Albert Einstein-professor ved State University of New York i Stony Brook.[2]
Remove ads
Prisar og utmerkingar (utval)
- 1957 – Nobelprisen i fysikk
- 1995 – Albert Einstein-medaljen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
