Child Is Father to the Man
album av Blood, Sweat & Tears From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Child Is Father to the Man er debutalbumet til Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i februar 1968. Det nådde 47. plassen på den amerikanske Billboard's Pop Albums-lista.
Remove ads
Historie
Som tenåring drog Al Kooper på ein konsert med jazztrompetisten Maynard Ferguson i 1960.[1] Konserten til Ferguson gjorde at Kooper fekk ein ide om å starte eit rockeband med blåsarar.[1] Opphavleg spelte Kooper i bandet The Blues Project, men slutta etter at bandleiaren Danny Kalb avviste ideen hans om å hente inn blåsarar.[1] Han drog så til vestkysten og fann bassisten Jim Fielder, som hadde tru på songane Kooper skreiv.[1] Sjølv om Kooper hadde store idear for det neste prosjektet sitt, hadde han ikkje pengar nok til å setje det i live.[1] Han helt så ei pengeinnsamling for seg sjølv og inviterte fleire musikarar han tidlegare hadde arbeidd med, som Judy Collins, Simon & Garfunkel, David Blue, Eric Andersen og Richie Havens.[1] Alle konsertane vart utselde, som fekk Kooper til å tru at konsertane hadde hjelpt han. Uheldigvis la eigaren av Cafe Au Go Go til mange utgifter til rekninga, og nettoinntekta etter konertane var ikkje nok til å betale for ein flybillett, eller ein taxi til flyplassen.[1]
Han ringde seinare til Fielder og overtydde han om å kome til New York. Han spurte òg Bobby Colomby, Anderson og Steve Katz, som han hadde spelt med i det tidlegare bandet hans, The Blues Project.[1] Colomby ringde til Fred Lipsius og bandet sette inn ei annonse i The Village Voice for fleire hornspelarar.[1] I løpet av ein månad bestod bandet av åtte mann, og inkluderte òg Randy Brecker, Jerry Weiss og Dick Halligan.[1] Kooper spurte så John Simon om han kunne produsere dei, etter han nettopp var ferdig med å produsere Simon & Garfunkel-albumet Bookends.[1] Albumet vart spelt inn i løpet av to veker i desember 1967. Simon spurte alle medlemmane om å spele inn songane sine på eitt forsøk så han kunne studere dei og kome med nyttige forslag til arrangementa.[1] Etter ein kort turné, kasta Colomby og Katz Kooper frå bandet, som gjorde at Child is Father to the Man vart det einaste BS&T-albumet som Kooper var med på.[1] Bandet spelte sidan inn fleire hitalbum og fekk fleire Grammy-prisar, men Kooper meinte dei spelte musikk som han ikkje hadde gått med på.[1] Trass i at han vart spurt om å forlate Blood, Sweat & Tears, meinte Kooper at alt hadde fungert bra for han sjølv og bandet.[1]
Remove ads
Utgjeving
I USA nådde Child Is Father to the Man 47. plassen på Billboard's Pop Albums-lista. Ingen av singlane frå albumet nådde topp 40, men «I Love You More Than You'll Ever Know» og «I Can't Quit Her» vart spelt noko på progressiv rock-radio.
Tittelen er eit sitat frå eit dikt med liknande tittel av Gerard Manley Hopkins, som igjen siterte eit dikt av William Wordsworth kalla «My Heart Leaps Up».
Albumet kom ut på ny i Storbritannia i 1973, kalla The First Album, på Embassy Records, ein etikett på Columbia Records med same innhald og same bilete på framsida. På baksida var det notat skrivne av den engelske DJ-en Noel Edmonds.
Remove ads
Mottaking
Willian Ruhlman skreiv for AllMusic at albumet var «det beste verket til Al Kooper, eit album der han flyttar seg bort frå folk-blues-rock-blandinga til Blues Project til eit enno vidare landskap, der han nyttar element av klassisk musikk og jazz (inkludert strykarar og blåsarar), utan å miste pop-essensen som får hybriden til å virke. Dette er eit av dei beste albuma i den ekeltiske post-Sgt. Pepper-tida i slutten av 60-åra, ei tid då du kunne låne stilar frå samtidig folkemusikk frå Greenwich Village til syrerock frå San Francisco og blanda dei til det som verka å ha potensiale til å bli ei ny amerikansk musikkform. Dette er lyden av ei virtuos gruppe som kosar seg i dei nye mogelegheitene som opna seg i popmusikken. Kanskje det ikkje kunne ha vart særleg lenge, og det gjorde det heller ikkje.»[2]
I 2012 vart albumet rangert på 266. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]
Innhald
Remove ads
Medverkande
Blood, Sweat & Tears
- Randy Brecker – trompet, flygelhorn
- Bobby Colomby – trommer, perkusjon; korvokal (spor 4, 10)
- Jim Fielder – bassgitar, bandlaus bassgitar
- Dick Halligan – trombone
- Steve Katz – gitar; solovokal (spor 3, 8); korvokal (spor 3); lutt (spor 6)
- Al Kooper – orgel, piano; solovokal (spor 2, 4-7, 9-12); ondiolin (spor 8)
- Fred Lipsius – piano, altsaksofon
- Jerry Weiss – trompet, flygelhorn; korvokal (spor 4)
Andre medverkande
- Anahid Ajemian – fiolin
- Fred Catero – lydeffektar
- Harold Coletta – bratsj
- Paul Gershman – fiolin
- Al Gorgoni – orgel, gitar, vokal
- Manny Green – fiolin
- Julie Held – fiolin
- Doug James – shaker
- Harry Katzman – fiolin
- Leo Kruczek – fiolin
- Harry Lookofsky – fiolin
- Charles McCracken – cello
- Melba Moorman – kor
- Gene Orloff – fiolin
- Valerie Simpson – kor
- Alan Schulman – cello
- John Simon – orgel, piano, dirigent, kubjølle
- The Manny Vardi Strings
Remove ads
Produksjon
- Produsentar: Bob Irwin, John Simon
- Lydteknikar: Fred Catero
- Miksing: John Simon
- Mastering: Vic Anesini
- Arrangørar: Fred Catero, Al Gorgoni, Fred Lipsius, Alan Schulman, John Simon
- Kunstnarisk leiar: Howard Fritzson
- Fotografi: Bob Cato, Don Hunstein
- Innpakning: Michael Cimicata
Salslister
Album - Billboard (USA)
Seinare samplingar
- «I Love You More Than You'll Ever Know»
- «Maria» av Wu-Tang Clan frå albumet Wu-Tang Forever
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads