Chris Brasher
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Christopher William Brasher, kjend som Chris Brasher, (21. august 1928–28. februar 2003) var ein britisk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 3000 meter hinder i 1956.
Brasher var fødd i Georgetown i den britiske kolonien Britisk Guyana og voks opp i Jerusalem, ettersom far hans arbeidde i det britiske koloniveldet.
Under Sommar-OL 1956 i Melbourne overraska Brasher og vann 3000 meter hinder på tida 8.41,2. Straks etter løpet vart Brasher diskvalifisert fordi han skulle ha hadde hindra nordmannen Ernst Larsen, men «Kruska-Larsen» forklarte til juryen at han ikkje hadde vorte hindra, og diskvalifikasjonen vart heva.
Frå 1957 arbeidde Brasher som sportsreportar for avisa The Observer og seinare for fjernsynskanalen BBC. Han var i 1957 den fyrste som skreiv om idretten orientering i ein britisk publikasjon. I 1981 gjorde han opptaket til London Maraton.
Brasher døydde i heimen sin i Chaddelsworth i Berkshire i 2003.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Chris Brasher» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads