Christian Sinding

norsk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Christian Sinding
Remove ads

Christian August Sinding (11. januar 18563. desember 1941) var ein norsk komponist.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Liv

Sinding vart fødd i Kongsberg den 11. januar 1856. Han byrja å studere musikk i Oslo og flytte så til Tyskland, der han studerte under Salomon Jadassohn ved konservatoriet i Leipzig. Han budde i Tyskland det meste av livet sitt, men fekk regelmessig økonomisk stønad frå Noreg. I 1920 og 1921 var han i USA for å undervise i komposisjon ved Eastman School of Music i Rochester i New York.

Han var bror av målaren Otto Sinding og bilethoggaren Stephan Sinding, og er bestefar til Tone Sinding Steinsvik.

I 1941, to månadar før han døydde melde han seg inn i Nasjonal Samling. Han hadde då våre dement i fleire år, så det er uvisst om han var klar over kva NS stod for. Dette førte likevel til at musikken hans i etterkrigstida sjeldan vart framført i Noreg.

Remove ads

Verk

Dei mange lyriske pianostykka og songane hans fekk mange til å sjå på Sinding som Edvard Griegs etterfølgjar. Sinding blir i dag særleg hugsa for eitt av desse stykka, «Vårbrus» («Frühlingsrauschen» på tysk, ofte omsett til «Rustle of Spring» på engelsk) frå 1896. Mellom dei andre verka hans, som sjeldan blir spela i dag, er fire symfoniar, tre fiolinkonsertar, ein pianokonsert, ymse kammermusikk og operaen Det hellige Bjerg frå 1914.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Sinding vart mellom anna utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1899 og mottok storkrossen av same orden i 1938.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads