Stephan Sinding
norsk bilethoggar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stephan Abel Sinding (4. august 1846–23. januar 1922) var ein norsk-dansk bilethoggar fødd i Trondheim. Han var bror av toneskaparen Christian Sinding og kunstmålaren Otto Sinding.
Remove ads
Liv og gjerning
Sinding studerte jus og filosofi ved universitetet i Christiania frå 1865. Interessa for kunst førte til at han 1870-72 gjekk på Den kongelige Tegneskole i same byen. I 1872 reiste han til Berlin, der han var elev hos seinklassisisten Albert Wolff fram til vinteren 1874. Derifrå la han turen innom Paris og London.
Gjennombrotet kom i 1882 med Barbarkvinde bærer sin dræbte søn bort fra slaget, eit verk den danske, rike bryggerieigaren Carl Jacobsen kjøpte. Sidan kom Jacobsen til å kjøpe opp ein stor del av Sindings seinare arbeid.
Åra 1880-83 budde Sinding i Roma. Han busette seg så i København og vart dansk statsborgar i 1890. Til opninga av det norske Nationaltheatret i 1899 laga han statuane av Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Hovudverket er likevel Moder Jord frå 1900, det står utstilt ved Ny Carlsberg Glyptotek i København.
Frå 1910 budde Sinding i Paris. Dei siste åra av livet modellerte han falne frå den første verdskrigen, som hadde prega han sterk.[1] Han gav ut sjølvbiografien En billedhuggers liv i 1921, året før han døydde. Han døydde i Paris vart gravlagd på Père Lachaise-kyrkjegarden.
Remove ads
Utvalde verk
- Vølund smed, 1873
- Hylas, ca. 1880
- Slaven, 1878
- Frise, 1891
- Enken, 1892
- Henrik Ibsen, 1899
- Bjørnstjerne Bjørnson, 1899
- Moder Jord, 1900
- Ole Bull, 1901
- Valkyrjen, 1908
- Angelus, 1913
- L'Offrande, 1918
Galleri
- Un homme et une femme, ca. 1891
- Henrik Ibsen (1899)
Nationaltheatret i Oslo - Bjørnstjerne Bjørnson (1899)
Nationaltheatret i Oslo - Electra ved Kongens Nytorv i København
- Valkyrjen (1908), Churchillparken i København
- Verwitwet (ca. 1910)
Ny Carlsberg Glyptotek - Adoration I (ca. 1910)
Ny Carlsberg Glyptotek - Barbarenmutter (ca. 1910)
- Fangen Moder
Ny Carlsberg Glyptotek
Bibliografi
- 1921 – En billedhuggers liv (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no
Kjelder
- Stephan Sinding på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
- «Stephan Sinding» i Norsk biografisk leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Stephan Sinding» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2015.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads