Chrome Dreams

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Chrome Dreams er eit album frå 1977 av Neil Young som aldri vart gjeve ut.

Meir informasjon Neil Young-kronologi ...

Albumet vart gjeve ut som på ei acetatplate og eit dokument som følgde denne gav inntrykk av at Young hadde gjeve albumet den offisielle tittelen Chrome Dreams.[1] Det finst mange uoffisielle utgåver av Chrome Dreams.[2]

23. oktober 2007 gav Neil Young ut eit nytt album kalla Chrome Dreams II.[3]

Remove ads

Songar

Chrome Dreams inneheldt mange songar som ikkje enno er gjeven ut. Versjonen av «Powderfinger» var ein akustisk versjon, medan «Sedan Delivery» er ein langsamare versjon enn den som er på Rust Never Sleeps, samt at han inneheld eit ekstra vers. «Pocahontas» er den same versjonen som på Rust Never Sleeps utan ekstraspor. «Hold Back the Tears» er ein heilt annan versjon enn den som er på American Stars 'N Bars, òg denne med eit ekstra vers. «Too Far Gone» vart først gjeven ut i 1989 på Freedom. På Chrome Dreams vert denne spelt av Crazy Horse-medlem Frank «Poncho» Sampedro i lag med Young på ein mandolin frå 1917. «Stringman» er ein pianoballade som vart skriven for Jack Nitzsche og som var eit konsertopptak frå den europeiske turneen til Young i 1976 med ekstra lydspor frå studio. 18 år seinare spelte Young songen på Unplugged. «Homegrown» er ein annan miks enn versjonen på American Stars 'n Bars. Resten av songane er for det meste identisk til albuma som dei vart gjevne ut på seinare.[4]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Neil Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Neil Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads