Freedom av Neil Young

studioalbum av Neil Young From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Freedom er eit studioalbum av Neil Young som kom ut 2. oktober 1989.

Meir informasjon Neil Young-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Freedom sprøyta nytt liv inn i karrieren til Neil Young etter at det meste av 1980-åra hadde vore mislukka kommersielt sett. Etter mykje krangling og eit søksmål forlet Young Geffen Records og gjekk tilbake til det opphavlege plateselskapet Reprise, i 1988 med This Note's for You. Freedom, derimot, vart ein stor suksess både kritikarmessig og salsmessig, på liknande vis som det klassiske Rust Never Sleeps hadde vore i 1979. Begge albuma inneheld konsertopptak der lyden av publikum er fjerna. Freedom inneheld songen «Rockin' in the Free World», der ei akustisk utgåve opnar albumet og ei elektrisk utgåve avsluttar det, på liknande vis som på Rust Never Sleeps. «Rockin' in the Free World» inneheld tekstlinjer som var kritiske mot den dåverande president George H. W. Bush og vart ein slags hymne for fallet til kommunismen (særleg fallet til Berlinmuren), som skjedde ein månad etter albumet kom ut, særleg på grunn av refrenget der «Keep on Rockin' in the Free World» vert gjenteke om att og om att.

Ein forkorta versjon av «Rockin' in The Free World» vart nytta over rulleteksten til Michael Moore-filmen Fahrenheit 9/11, og songen vart gjeven ut på ny som singel samstundes med filmen.

Stilmessig er albumet eit av dei mest varierte Young har gjeve ut, og varierer frå akustiske kjærleikssongar til tunge rockesongar. Tre av songane på Freedom («Don't Cry», «Eldorado» og «On Broadway») var tidlegare gjeven ut i Japan og Australia som EPen Eldorado og representerte på eit vis Young sin reaksjon på Grunge-miljøet, med tunge bølgjer av forvrengt gitar og feedback (ofte side om side med rolegare parti). To av songane hadde blåsarar, noko som var uvanleg for Young om ein ser bort i frå det førre albumet This Note's For You.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde

Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

  • Linda Ronstadt - vokal på 4 & 6
  • Tony Marsico - bass på 10
  • Steve Lawrence – tenorsaksofon på 2 7
  • Larry Cragg – baritonsaksofon på 2 7
  • Claude Cailliet – trombone på 2 7
  • John Fumotrompet på 2 7
  • Tom Bray – trompet på 2 7
Remove ads

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads