Chrome Dreams II

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Chrome Dreams II er det 32. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Albumet kom ut 23. oktober 2007 og er ein oppfølgjar til Chrome Dreams, eit legendarisk Neil Young-album frå 1977, som vart skrinlagt til fordel for American Stars 'N Bars.[11]

Meir informasjon Neil Young-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet gjekk rett inn på 11. plass på den amerikanske albumlista og selde om lag 54 000 eksemplar første veka.[12] I Noreg gjekk albumet opp til femteplass. I tillegg vart songen «No Hidden Path» nominert til ein Grammy-pris for beste rockesong av ein soloartist.[13]

Remove ads

Produksjon

Chrome Dreams II vart produsert av The Volume Dealers (Neil Young og Niko Bolas) og musikarane på albumet er Crazy Horse-trommeslagaren Ralph Molina, pedalsteelgitaristen og dobrospelaren Ben Keith (Harvest, Comes A Time, Harvest Moon) og bassisten Rick Rosas (Freedom, Living With War, This Note's for You). The Blue Note Horns er med på eit spor, «Ordinary People» og Young People’s Choir of New York City på «The Way». Det meste av innspelinga vart gjort live med eit par ekstra lydspor i Feelgood's Garage studio nær Redwood City i California.[14]

I følgje Young,

«Det er eit album med ei form basert på nokre av mine originale innspelingar, med særs varierte songar, i staden for berre ein type song. Der Living with War og Everybody's Rockin' var album som fokuserte på eitt tema eller ein stil, er Chrome Dreams II meir som After the Gold Rush eller Freedom, med mange forskjellige typar sonar som i lag dannar ei kjensle. I dag som radio ikkje er like viktig som han ein gong var, er det lettare å gje ut eit album som kryssar over i forskjellig stilar med ei melding som går gjennom det heile, uavhengig av song eller lyd.»

[15]

Dei første tre songane på Chrome Dreams II er datert frå 1980-åra. «Beautiful Bluebird» vart først spelt inn for originalutgåva av Old Ways som vart skrinlagd av Geffen Records; «Boxcar» var ein song på det uutgjevne albumet Times Square, som vart skrinlagd til fordel for det meir kommersielle Freedom og «Ordinary People», som vart spelt inn sommaren 1988 for det som vart Freedom og som vart rekna som ein av dei beste songane Neil Young ikkje hadde gjeve ut. Songen vart ofte spelt på «Sponsored By Nobody»-turneen med The Bluenotes for å marknadsføre This Note's For You. Dette var den første singelen frå albumet og vart send til radiostasjonar mandag 10. september. Lengda på songen (like over 18 minutt) gjer at han sjeldan vert spelt på radio.[16]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Neil Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Neil Young - akustisk og elektrisk gitars, banjo, munnspel, klaver, pumpeorgel, Hammond B-3 orgel, vibrafon, perkusjon, vokal
  • Ben Keith - pedalsteelgitar, lapslidegitar, dobro, elektrisk gitar, Hammond B-3 orgel, vokal
  • Rick Rosas - bass, vokal
  • Ralph Molina - trommer, perkusjon, vokal

Musikarar for «Ordinary People»

  • Neil Young - elektrisk gitar, vokal
  • Joe Canuck - vokal
  • Frank «Pancho» Sampedro - gitar
  • Rick Rosas - bass
  • Chad Cromwell - trommer
  • Ben Keith - altosaksofon
  • Steve Lawrence - tenorsaksofon, keyboard
  • Larry Cragg - barytonsaksofon
  • Claude Cailliet - trombone
  • John Fumo - trompet
  • Tom Bray - trompet (solo)

Korsongarar

  • The Wyatt Earps - Ben Keith, Ralph Molina, Neil Young
  • The Jane Wyatts - Nancy Hall, Annie Stocking, Pegi Young
  • The Dirty Old Men - Larry Cragg, Ben Keith, Ralph Molina, Rick Rosas, Neil Young

«The Way»-koret

The Young People’s Choir of New York City

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads