Chronic Town

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Chronic Town er ein EP utgjeve av R.E.M. i 1982 på plateselskapet I.R.S. Records. Chronic Town er det første dømet på den særeigne musikalske stilen til R.E.M., med skranglete gitarlyd, akkordar spelt i arpeggio, mumlande vokal, og tekster som fullstendig unngår tradisjonelle tema i popmusikken.

Meir informasjon R.E.M.-kronologi ...

Sjølv om bandet sjølve var misnøgde med plata då ho kom ut, vart ho hylla av kritikarane, og dermed gav I.R.S. grønt lys til å spele inn debut-LP-en, Murmur, som vart kom i 1983.

Framsidebildet på platecoveret viser ein vasskastar i blåtonar. På baksida er det bilde av bandmedlemmene, også dei i blåtonar.

Chronic Town er med på CD-versjonen av samlinga Dead Letter Office som vart utgjeve i 1987. Dette er den einaste tilgjengelege i CD-form.

Remove ads

Innhald

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «Wolves, Lower» – 4:10
  2. «Gardening at Night» – 3:29
  3. «Carnival of Sorts (Box Cars)» – 3:54
  4. «1,000,000» – 3:06
  5. «Stumble» – 5:40

Kjelder

  • Artikkelen var opphavleg basert på «Chronic Town» på Engelsk Wikipedia
  • Buckley, David: R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography (Virgin, 2002)


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads