Chuck av Chuck Berry

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Chuck er det siste studioalbumet til den amerikanske rock and roll-songaren og gitaristen Chuck Berry. Det var det første studioalbumet hans på 38 år og vart generelt motteke positivt. Berry døydde ei stund etter albumet vart annonsert på 90-årsdagen hans og før det kom ut i 2017. Det vart den første plasseringa hans på Topp 10 på albumlista i Storbritannia sidan 1977 og debuterte på ein niandeplass.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Oversyn

Chuck var det første Berry-albumet på 38 år som hovudsakleg består av nye songar, etter Rock It i 1979.[1] Albumet vart dedisert til kona Thelmetta «Toddy» Berry. Albumet vart annonsert på 90-årsdagen hans, 18. oktober 2016, med utgjeving i 2017.[1][2] Med seg på albumet hadde Berry bandet som brukte å spele med han på konsertane, i tillegg til barna sine.[3] Før han døydde 18. mars 2017, vart det implisert at dette albumet uansett kom til å bli hans siste.[1]

Remove ads

Innspeling og utgjeving

Innspelinga var ferdig før han døydde. 21. mars 2017, tre dagar etter Berry døydde, vart det annonsert at albumet skulle kome 9. juli 2017. 21. mars vart ein song frå det nye albumet gjeven ut på singel, «Big Boys». Dette var den første singelen hans på 40 år. Melodien er ein livleg rock and roll-song om ein tenåring som ønskjer å gjere alt vaksne gjer. Albumet inneheld ti nye songar, inkludert ein oppfølgjar til songen «Johnny B. Goode» frå 1958, kalla «Lady B. Goode».[4]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Chuck fekk generelt positive meldingar då det kom ut. På Metacritic, som samlar saman meldingar frå mange av dei største publikasjonane og nettstadane, har albumet ein samla karakter på 72 av 100, basert på 16 meldingar.[5] Exclaim! meinte songane høyrdes kjend ut, men likevel forskjellig frå tidlegare.[16] Robert Christgau rekna Chuck som «ei oppsummering av Berry som han har gjeve alt han har i».[15]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Chuck Berry, utanom der andre er nemnde

Medverkande

The Blueberry Hill Band

Andre musikarar

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (2017), Pllassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads