Comes a Time

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Comes a Time er det niande studioalbumet til Neil Young, gjeve ut i 1978. Young gjekk her attende til country/folkrock-stilen frå Harvest (1972) og det nådde sjuandeplassen på den amerikanske albumlista. Tilhengjarane Young hadde fått etter Harvest måtte vente seks og eit halv år for ein oppfølgjar, og dette albumet var det første albumet til Young på Topp 10 sidan Harvest.

Meir informasjon Neil Young og Crazy Horse-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Tittelsporet vart gjeven ut som singel frå albumet.

Remove ads

Produksjon

Albumet var opphavleg meint som eit album med berre Young solo, men då Young spelte det for sjefane i Reprise spurte dei han om han kunne leggje på rytmespor til det han alt hadde spelt inn og sluttproduktet vart Comes a Time. På to songar («Look Out For My Love» og «Lotta Love») vart han akkompagnert av Crazy Horse.

«Human Highway» vart skriven fleire år før albumet kom ut og vart opphavleg presentert for Crosby, Stills, Nash & Young i 1974 for eit føreslått studioalbum av gruppa som aldri vart noko av. På det mete av albumet syng Nicolette Larson harmonivokal. Ho syng òg solovokal i lag med Young på «Motorcycle Mama».[6] Nicolette Larson gav kort tid etter ut sin eigen versjon av «Lotta Love» frå albumet og fekk ein Topp 10-hit med denne.

I mange år gjekk det rykte om at Young personleg hadde kjøpt kring 200 000 vinylutgåver av Comes a Time fordi han var misnøgd med lyden på albumet, på grunn av ein skade som skjedde med masterlydbandet under frakta til miksestudioet. Versjonen som er mest tilgjengeleg i dag vart personleg miksa av Young frå ein tryggleikskopi av det originale masterlydbandet. I eit intervju i mars 2014 i Rolling Stone, hevda Young at han faktisk hadde brukt dei 200 000 LP-platene som tak på låven hans.[7]

Innhald

Alle songar er skriven av Neil Young, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Neil Young – gitar, munnspel, vokal, produksjon
  • Frank Sampedro – gitar, piano, vokal (på spor 3 og 4)
  • Billy Talbot – bass, vokal (på spor 3 og 4)
  • Ralph Molina – trommer, vokal (på spor 3 og 4)
  • Tim Mulligan – saksofon
  • Nicolette Larson – harmoni- og solovokal (utanom på spor 3 and 4)
  • Ben Keith – steelgitar
  • Karl Himmel – trommer
  • Tim Drummond – bass
  • Spooner Oldham – piano
  • Rufus Thibodeaux – fele
  • Joe Osborn – bass
  • Larrie Londin – trommer
  • J. J. Cale – elektrisk gitar
  • Farrell Morris – perkusjon
  • Rita Fey – autoharpe
  • Bucky Barrett, Grant Boatwright, Johnny Christopher, Jerry Shook, Vic Jordan, Steve Gibson, Dale Sellers, Ray Edenton – akustisk gitar
  • Shelly Kurland, Stephanie Woolf, Marvin Chantry, Roy Christensen, Gary Vanosdale, Carl Gorodetzky, George Binkley, Steven Smith, Larry Harvin, Larry Lasson, Carol Walker, Rebecca Lynch, Virginia Christensen, Maryanna Harvin, George Kosmola, Martha McCrory, Chuck Cochran – strykarar
Teknisk
  • Ben Keith – produsent (utanom på spor 3, 4 og 8)
  • Tim Mulligan – produsent (utanom på spor 7)
  • David Briggs – produsent (på spor 3 og 4)
  • Tim Mulligan, Michael Laskow, David McKinley, Danny Hilley, Mike Porter, Denny Purcell, Rich «Hoss» Adler, Ernie Winfrey, Gabby Garcia, Paul Kaminsky – lydteknikar
  • Elliot Roberts – leiar
  • Tom Wilkes – kunstnarisk leiar
  • Coley Coleman – fotografi

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads