Decade

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Decade er eit trippelt samlealbum av Neil Young, som kom ut i 1977, i dag på to CDar. Det inneheld 35 av songane til Young spelte inn mellom 1966 og 1976, og fem av dei var fram til då ikkje gjevne ut før. Albumet nådde 43. plass på den amerikanske albumlista.

Meir informasjon Neil Young-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Songane på albumet var vald ut av Young sjølv og han skreiv handskrivne notat om kvart spor. Nesten alle albuma hans er representerte, bortsett frå Four Way Street og Time Fades Away. Av tidlegare ikkje-utgjevne songar finn ein «Down to the Wire» med pianisten Dr. John og Buffalo Springfield, frå det forkasta albumet Stampede, «Love Is a Rose» var ein mindre hit for Linda Ronstadt i 1975, «Winterlong» var ein gammal song, som Pixies seinare spelte inn, og «Campaigner» var ein song som var kritisk til Richard Nixon. Songen «Long May You Run» er ein annan miks enn den ein finn på album med same namn, med harmonivokal av Crosby, Stills & Nash før David Crosby og Graham Nash forlet innspelinga.

I mange år var Decade det einaste samlealbumet til Neil Young. I 1993 kom samlinga Lucky Thirteen, men denne dekte berre perioden 1982-1988. Det var først i 2004 at Reprise Records gav ut ei enkel plate med dei mest kjende songane hans, kalla Greatest Hits. Gjennom 1980- og 1990-åra lovde Young tilhengjarane sine at det skulle kome ein oppfølgjar kalla Decade II, men denne ideen vart skrinlagd då Young i staden byrja på den mykje meir omfattande antologien Archives, som dekte heile karrieren hans i form av ein boks.

Alternativ tidleg versjon

Opphavleg var det meininga at Decade skulle kome ut i 1976, men vart trekt tilbake i siste liten av Young. Det vart lagt på hylla til året etter, då to songar frå den opphavlege sporlista var fjerna (ein konsertversjon av «Don't Cry No Tears» frå Japan i 1976 og ein konsertversjon av «Pushed it Over The End» frå 1974). I tillegg vart kommentarane om desse to songane og albumet Time Fades Away fjerna.[3]

Mottaking

Albumet vart hylla som eit av dei beste samlealbuma for ein rockeartist og som ein mal for bokssamlingar som skulle kome utover i 1980-åra og framover. Men i den første utgåva av Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll og den påfølgjande artikkelen i 1983 Rolling Stone Record Guide, nyttar kritikar Dave Marsh dette albumet til å skulde Young for å med vilje prøve å skape ein mytologi av seg sjølv. Magasinet har sidan fjerna denne artikkelen frå nyare utgåver av Illustrated History.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Neil Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads