Dami Im

australsk pianist og songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Dami Im
Remove ads

Dami Im (fødd 17. oktober 1988) er ein australsk songar og låtskrivar, opphavleg frå Sør-Korea. Familien flytta til Australia då Dami Im var ni år gammal. Im spelar fleire instrument og vart kjend i Australia etter å ha vunne den femte sesongen av The X Factor Australia. Ho representerte òg Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». Im har platekontrakt med Sony Music Australia.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Im vart fødd i Seoul i 1988. Faren, Lee Hae-yun, er utdanna operasongar.[1] Im byrja å lære piano som femåring, og ho lærte seg å syngje ved å kopiere sine favorittartistar. Ni år gammal flytta Im til Australia med mora og den yngre broren Kenny, fordi foreldra meinte borna ville få større moglegheiter om dei vaks opp i Australia.[1][2][3] Familien budde hos ein onkel i Brisbane, medan faren vart igjen i Sør-Korea for å tena pengar til å støtta dei.[4] Foreldra til Im bur no saman att og bur delvis i Australia og Sør-Korea.

Som elleveåring starta Im ved Young Conservatorium of Music på Griffith University. Ho deltok sidan i ei rekkje pianotevlingar og song lite offentleg.[5][6] I 2009 vart ho uteksaminert frå University of Queensland.[7]

Remove ads

Karriere

2010–12: Tidleg karriere

Im hadde ein kort karriere som gospelsongar i Korea, og opptredde blant anna på fleire kristne ungdomsleirar. I 2010 gav ho ut debutalbumet Dream. 9. juli 2012 gav Im ut den andre EP-en sin, Intimacy, som bestod av fem låtar.[8][9]

2013: X Factor Australia

I 2013 gjekk Im vidare frå prøverundane i femte sesong av X Factor Australia, etter å ha sunge «Hero» av Mariah Carey.[10] Ho tok seg vidare i tevlinga og tok seg til slutt heilt til dei direktesende finalerundane.

Fleire av framsyningane hennar fekk mykje ros av dommarane. Ho kom fleire gonger inn på ARIA Singles Charts, den offisielle singellista i Australia, blant anna med «One» av U2 og «Purple Rain» av Prince.[11][12]

Under finalen 27. oktober 2013 song Im tre songar: «Hero», «Alive» og «I Am Telling You I'm Not Going». Nok ein gong fekk ho ståande applaus og lovord frå dommarane. Under resultatshowet dagen etter vart Im utropt til vinnar av X Factor Australia.[13]

2013–15: Utgjevingar

Etter å ha vunne X Factor gav Im ut singelen «Alive» på iTunes Store.[14] Ho fekk òg platekontrakt med Sony Music Australia.[15] Fire dagar etter utgjevinga debuterte «Alive» på nummer éin på ARIA Singles Chart. Singelen vart òg platina-sertifisert av Australian Recording Industry Association for å ha selt over 70 000 eksemplar.[16][17] Sidan har Im gjeve ut ei rekkje plater og album.

2016: Eurovision Song Contest 

3. mars 2016 annonserte den australske kringkastaren SBS at Im skulle representere Australia i Eurovision Song Contest 2016 med songen «Sound of Silence». 

I Eurovision Song Contest 2016 deltok Im i den andre semifinalen 12. mai, og ho kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinalen.[18] Dette var andre gongen Australia deltok i Eurovision Song Contest, og fyrste gongen landet deltok i ein semifinale.

I finalen var «Sound of Silence» det 13. bidraget ut på scena, og ho vann ein klår siger i juryavrøysting med 320 poeng. I telefonavrøystinga kom Im på fjerdeplass med 191 poeng. Til saman fekk Australia 511 poeng og enda på andreplass – den beste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest.[19] Songen tok seg inn på fleire hitlister rundt om i Europa, blant anna i Storbritannia, Spania, Tyskland og Austerrike. «Sound of Silence» er førebels den mest suksessrike singelen til Im i karrieren hennar.

2019–2025

13. september 2019 gav Im ut albumet Crying Underwater på eige merke. I samband med utgjevinga sa Im at det er «for mykje press i dagens samfunn på at ein alltid må sjå lukkeleg ut, så vi endar opp med å føle at vi ikkje har lov til å snakke om korleis vi verkeleg følar oss. Akkurat som om du græt under vatn der ingen kan sjå at du græt».[20]

3. januar 2020 slapp ho låten «Kiss You Anyway».[21]

I oktober 2019 opptredde Im i Korea ved Asia Song Festival i lag med kjende K-pop-artistar som Sunmi, Eric Nam, Stray Kids og Itzy.

8. februar 2020 framførte ho låten «Walk with Me» med Måns Zelmerlöw under Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020.[22] Etter framsyninga kunngjorde Im at ho ville delta i den australske tevlinga igjen, men denne blei avlyst grunna koronapandemien.

31. august 2020 kunngjorde Im at ho hadde skrive kontrakt med ABC Music og at ho ville gje ut eit nytt album.[23] 17. september slapp ho «Paper Dragon», den fyrste singelen på det nye selskapet. Songen var opphavleg meint å ta del i Australia Decides 2021, som blei avlyst.[24] Ho gav ut det sjette studioalbumet sitt, My Reality, 29. oktober 2021.[25][26]

I 2022 gav Im ut eit memoar, Dreamer.[27][28][29][30]

Ho slapp EP-en In Between 7. juli 2023.[31]

17. november 2023 gav ho ut det fyrste julealbumet sitt, Christmas Songbook.[32] I juli 2024 gav Im ut eit album med barnemusikk, Kid Song Collection, under aliaset Grace Notes.[33]

I september 2025 gav Im ut singelen «Bubble» i forkant av utgjevinga av det sjuande studioalbumet sitt.[34]

Remove ads

Diskografi

Album
  • Dami Im (2013)
  • Heart Beats (2014)
  • Classic Carpenters (2016)
  • I Hear a Song (2018)
  • My Reality (2021)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads