How Great Thou Art av Elvis Presley

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

How Great Thou Art er det 28. studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut RCA Victor i mono og stereo i februar 1967. Innspelinga fann stad i RCA Studio B i Nashville, den 25. til 28. mai 1966.[5] Albumet nådde 18. plassen på Top Pop Albums-lista.[6] Det selde til gullplate 16. februar 1968, platina og dobbelt platina 27. mars 1992 og trippel platina 13. oktober 2010 i USA.[7] Tittelsongen vann Grammyprissen i 1967 for beste religiøse song.[6]

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Det førre gospelalbumet til Presley, His Hand in Mine, hadde selt solid for RCA.[8] Musikken til Presley vart stadig mindre spelt på radio i midten av 1960-åra. På den tida spelte radiostasjonar julemusikk i juletida og religiøs musikk i påsken, og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, var overtydd om at Presley kunne kome sseg inn på desse nisjemarknadane.[8] Innspelinga vart arrangert med eit føremål om å skape ein julesingel, og følgje opp albumet til His Hand in Mine.

How Great Thou Art vart det første albumet til Presley som ikkje var filmmusikk sidan Pot Luck with Elvis i 1962, og det første albumet hans om ikkje inneheldt nokre filmmusikkinnspelingar sidan det førre gospelalbumet i 1960.[8] Det introduserte òg produsenten Felton Jarvis for Presley på den andre innspelinga som ikkje var for filmmusikk sidan mai 1963.[8] Jarvis fortsette å arbeide med Presley ressten av karrieren hans.

Under innspelinga avviste Elvis mange av songane Freddy Bienstock hadde fått rettane til, og byrja å plukke sine eigne og musikarane han spelte med sine favorittar.[8] Dei fem songane som var i offentleg eige vart omtalt som «arrangert av Elvis Presley» og publisert av Elvis Presley Music slik at Bienstock kunnne sikre honorar for desse songane.[8]

Det vart gjort klar tolv songar for albumet, inkludert standardsongen «In the Garden» frå 1912, som vart popularisert av Billy Sunday, og «Run On», som var ein negro spiritual.[8] Den 13. songen, «Crying in the Chapel», vart spelt inn under innspelinga for His Hand in Mine og gjeven ut som singel i 1965.[8] Under innspelinga spelte dei òg inn singelen «Love Letters», to b-sider, og ytterlegare to songar som vart lagt til albumet Spinout.[8] Julesingelen vart fullført på den neste innspelinga, 10. juni, hovudsakleg skriven av Red West og kalla «If Every Day Was Like Christmas».[8]

Kyrkja ein kan sjå på omslaget er First Church of Christ i Sandwich i Massachusetts.[9]

I 2008 gav Sony Music ut albumet på ny med nymastra lyd og tre bonusspor. To hadde vore gjevne ut på singel i 1968, hitsingelen «You'll Never Walk Alone» frå Carousel, som så vidt nådde Billboard Hot 100, og ein tredje song som var til overs etter innspelinga av From Elvis in Memphis i American Sound Studio i 1969 og gjeven ut på eit billigalbum i 1971.[8]

Albumet kom ut på ny i 2010 på Follow That Dream med mange ekstra alternative opptak.[10]

Remove ads

Innhald

Original

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonusspor på 2008-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...

«Crying in the Chapel» vart gjeven ut på singel (RCA 47-0643) 6. april 1965 og nådde tredjeplassen på Billboard's Hot 100-lista. «You'll Never Walk Alone» vart gjeven ut på singel (RCA 47-9600) i mars 1968 og nådde 90. plassen. B-sida var «We Call On Him».

Follow That Dream-utgåva frå 2010

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Lister og salstrofé

Album

Meir informasjon År, Lister ...

Saltrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads