Day After Day av Badfinger

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Day After Day» er ein song av det britiske rockebandet Badfinger frå albumet Straight Up i 1971. Han vart skriven av Pete Ham og produsert av George Harrison, som òg spelar slidegitar på innspelinga. Songen vart gjeven ut på singel og vart ein av dei største hittane til Badfinger. Singelen nådde fjerdeplassen på singellista i USA og selde til gullplate.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspeling

«Day After Day» vart skriven og sungen av Pete Ham. Innspelinga var produsert av George Harrison,[2] som òg spelar slidegitar på songen i lag med Ham.[3] Leon Russell spelar piano på albumet. Sidan songen var uferdig då Harrison måtte gje seg som produsent for å konsentrere seg om Concert for Bangladesh, vart den endelege miksen gjort av Todd Rundgren, som tok over som produsent på Straight Up etter Harrison.

Remove ads

Utgjeving

Songen kom ut på singel i USA i november 1971 (januar 1972 andre stader) og vart den største hitten til Badfinger der. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Pop Singles-lista.[4] Han nådde òg tiandeplassen på UK Singles Chart i januar 1972. Han er ein av dei mest kjende songane til bandet, og er særleg kjend for slidegitarsoloane. Singelen selde til gullplate i mars 1972 og vart den første og einaste gullplata deira. «Day After Day» nådde tiandeplassen på Easy Listening-lista.[5]

Remove ads

Medverkande

Badfinger

Andre medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1971–72), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • I 1972 gav The Lettermen ut songen på albumet Lettermen - 1.
  • I 1972 spelte Engelbert Humperdinck inn songen for albumet sitt In Time.
  • I 1986 spelte Savatage inn songen på albumet deira Fight for the Rock.
  • I 1990 spelte Dreams So Real inn songen for albumet deira Gloryline.
  • I 1990 spelte synthpopbandet Exotic Birds inn songen for albumet deira Equilibrium.
  • I 2006 spelte Rod Stewart inn songen på albumet sitt Still the Same… Great Rock Classics of Our Time.
  • I 2006 spelte Neal Morse inn songen på albumet sitt Cover to Cover.
  • I 2008 spelte Midge Ure inn songen på albumet sitt 10.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads