Day Tripper

Lennon/McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«Day Tripper» er ein song av John Lennon og Paul McCartney som er gjeven ut av The Beatles som ei «dobbel A-side» i lag med «We Can Work It Out». Songen er ein riffdriven rockesong. Begge songane vart spelte inn under innspelinga av albumet Rubber Soul, men er ikkje med på dette albumet. Songen gjekk til topps på den britiske singellista, den norske VG-lista og nådde femteplass på den amerikanske Billboard Hot 100. «Day Tripper» vart spelt på konsertar av bandet i 1965 og 1966 og var ein av songane som vart spelte på den siste konserten deira ved Candlestick Park i San Francisco den 29. august 1966.[3]

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

She was a day tripper,
One way ticket, yeh,
It took me so long to find out, and I found out.

John Lennon

Beatles trengde ein ny single som dei kunne gje ut til jul[4] Lennon skreiv det meste av teksten og den kjende gitarlinja, medan McCartney hjelpte til på versa.[5]

«Day tripper» tyder bokstavleg «dagsreisande», men i songen får uttrykket tydinga ein «helge-hippe», ein som berre tar dop i helgane.[5]

Songen vart spelt inn 16. oktober 1965 ved Abbey Road Studios.

Remove ads

Credits

Andre versjonar

Av andre artistar som har gjort innspelingar av songen finn ein Sergio Mendes & Brasil '66, Nancy Sinatra, Otis Redding, Lulu, Electric Light Orchestra, Anne Murray, Whitesnake, James Taylor, Cheap Trick, Sham 69, Devo, Ocean Colour Scene og Type O Negative

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1965–66), Plassering ...

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads