Paperback Writer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Paperback Writer» er ein rockesong frå 1966 av The Beatles. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i hovudsak skriven av Paul McCartney og gjeve ut som deira ellevte singel. Singelen gjekk til topps i mange land, mellom anna Noreg, USA, Storbritannia, Vest-Tyskland og Australia. Songen er skrive som eit brev frå ein lovande forfattar til eit forlag, og vart dermed den første Beatles-songen gjeve ut i heimlandet som ikkje var ein kjærleikssong. Songen låg på Topp 10 på VG-lista i 10 veker, 4 av dei på førsteplassen.
«Paperback Writer» var ein av dei siste nye songane som vart spelt av The Beatles på den siste turneen deira i 1966.
Songen vart aldri gjeven ut på eit originalt studioalbum, men kom med på fleire samlealbum, mellom anna A Collection of Beatles Oldies... but Goldies (1966) og 1 (2000)
Remove ads
Innspeling
Songen vart spelt inn 13.-14. april 1966.[5] Songen vart skrive tre månader etter McCartney hjelpte John Dunbar og andre med å opprette ein bokhandel for Indica Gallery.[6]
«Paperback Writer» har ein markant bass gjennom heile songen, og McCartney fekk til denne effekten med å nytte ein høgtalar som mikrofon og plassere han føre basshøgtalaren.
Medverkande
Salslister og salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads