We Can Work It Out

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«We Can Work It Out» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney og gjeve ut som singel av The Beatles som ei «dobbel A-side». Begge songane vart spelte inn under innspelinga av albumet Rubber Soul, men kom ikkje med på dette.[1]

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

McCartney skreiv teksten og musikken til versa og brua, med tekst som kan ha vore personleg og kanskje ein referanse til forholdet med Jane Asher.[2] McCartney tok så songen med seg til Lennon og han skreiv resten.[2] I følgje Lennon sjølv skreiv han mellompartiet.[3] Oasis-gitaristen Noel Gallagher har omtalt songen som «songen som definerer The Beatles».

Innspeling og utgjeving

The Beatles spelte inn songen den 20. oktober 1965, fire dagar etter «Day Tripper». Dei brukte nesten 11 timar på innspelinga, det klart lengste dei hadde brukt på ein song til då.[1]

I ein diskusjon om kva som skulle gjevast ut som singel, ønskte Lennon hardt at det skulle verte «Day Tripper», medan dei andre meinte at «We Can Work It Out» var ein meir kommersiell song.[2] Som følgje av dette vart singelen marknadsført som den første «doble A-sida» nokon gong, men «We Can Work It Out» vart meir spelt på radio og nådde førsteplassen på singellista både i Storbritannia og USA.

Remove ads

Medverkande

Andre versjonar

Av andre artistar som har spelt inn songen finn ein

Salslister og salstrofé

Beatles-versjonen

Meir informasjon Liste (1965–66), Plassering ...

Stevie Wonder-versjonen

Meir informasjon Liste (1971), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads