Days of Future Passed
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Days of Future Passed er det andre albumet og det første konseptalbumet til det engelske progrockbandet The Moody Blues, og kom ut i november 1967 på Deram Records.[10] Bandet vart med albumet og blandinga av symfoniske element og rock ein av dei første pionerane innan både symfonisk og progressiv rock.
Albumet vart spelt inn på ei tid då The Moody Blues sleit med økonomiske vanskar og mangel på god omtale i musikkpressa og kommersiell suksess. Moderselskapet deira, Decca Records, tilbaud dei ein sjanse til å spele inn eit album i stereo som kombinerte musikken deira med mellomspel framført av orkester. Dei valde å komponere ein suite av songar om livet til ein vanleg mann, der gruppa og orkesteret stort sett spelte kvar for seg og så vart miksa saman. Det vart ein moderat suksess då det kom ut, men etter å ha blitt spelt jamt og trutt på radio og etter singelen «Nights in White Satin» vart ein hitt, klatra det inn på topp 10 i USA i 1972. Det har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste albuma frå 1967 av musikkmagasinet Rolling Stone.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
The Moody Blues hadde byrja som eit rhythm and blues-band, men innan seint i 1966 hadde dei hamna i økonomiske vanskar. Songaren og gitaristen Justin Hayward, som nettopp var komen inn i bandet, sa «me hadde ikkje pengar, ingenting».[14] I september 1967 vart dei i følgje gruppa spurt av plateselskapet Decca om å spele inn ein rockeversjon av Dvořák sin Niande symfoni for den nye etiketten deira, Deram Records, for å demonstrere den nyaste innspelingsteknologien sin, som dei kalla «Deramic Sound».[10] Men lydteknikaren Derek Varnals hevdar denne soga er feil og at det sjølv frå starten av innspelinga i 1967 aldri var snakk om å spele inn eit Dvořák-album og at snakk om dette prosjektet ikkje dukka opp før utpå 70-talet.[15]
Decca hadde eksperimentert med stereo for klassiske innspelingar og håpte å fange popmarknaden på same vis, med å blande klassiske innspelingar med gruppa si tolking av den same musikken.[14] I staden valde bandet (først utan at selskapet kjende til det), å fokusere på eit album basert på ein original musikal dei hadde arbeidd på, og miksa dette med klassiske arrangement av desse songane.[14][15] Klaverspelaren Mike Pinder hadde kjøpt ein Mellotron, eit klaverinstrument som spelar av eit lydband for kvar tangent, og skrive ein song, «Dawn is a Feeling» som utgangspunktet for eit konseptstykke om ein dag i livet til ein vanleg mann. Hayward skreiv «Nights In White Satin» om endringane mellom eit forhold og eit anna, og brukte sengelaken som ein metafor. Då Pinder la til strykarar på Mellotronen på songen til Hayward, forstod dei at dei hadde skrive noko merkverdig og ein høvande avslutning for songsyklusen.[14]
Innspelinga fann stad i Decca Studios i West Hampstead i London mellom 9. mai og 3. november 1967.[16] Bandet arbeidde med plateprodusenten Tony Clarke, Varnals og dirigenten Peter Knight.[5] Gruppa spelte inn og miksa innspelinga si først, og gav så lydbanda til Knight som arrangerte og spelte inn mellomspela for orkesteret.[14]
Remove ads
Innhald
Albumet inneheld musikk som psykedeliske rockeballadar[5] av Hayward og Pinder[10] og orkestermellomspel av London Festival Orchestra.[5] Bandet og orkesteret spelte faktisk berre i lag samstundes på den siste delen av «Nights In White Satin.»[14]
Musikkskribentar siterer albumet som eit tidleg døme på progressiv rock.[4][12][17] Bill Holdship i Yahoo! Music skreiv at bandet «skapte ein heilt ny sjanger her.»[13] David Fricke meinte det var eit av dei essensielle albuma frå 1967 og omtalte det som «nærare finare kunst enn psykedelia. Men det er ei skarp popkjensle i songane og ein trippande romantikk i spegeleffekten mellom strykarane og mellotronen til Mike Pinder.»[10] Will Hermes skreiv at albumet var eit essensielt progressivt rockealbum og hevda at bruken av Mellotronen gjorde det til eit «signaturinstrument» for sjangeren.[11] Som eit viktig verk i motkulturtida[18] kalla AllMusic-redaktøren Bruce Eder albumet «eit av dei definerande dokumenta i den blømande, psykedeliske tida, og eit av albuma frå den tida som framleis er populært i dag».[5]
Remove ads
Originalmiks og seinare miksar
I 1972 vart det oppdaga at masterlydbanda for Days of Future Passed var blitt skadd slik at berre viktige element av kvar song var att. På grunn av dette vart heile albumet miksa på nytt for nyutgjevingar mellom 1978 og 2017.[19] Somme samleplater har likevel nytta originalmiksen frå 1967 på enkelte songar.[20] Eit opptak frå den originale vinylmiksen, teken frå ei vinylplate og spelt inn med høg kvalitet, vart til slutt oppdaga og gjeve ut på CD i november 2017.[19]
Utgjeving
The Moody Blues spelte ikkje noko av musikken til sjefane i Decca før det var ferdig. Då dei høyrde det første gongen var dei skuffa med resultatet sidan det ikkje var Dvorak-arrangementa dei venta. Men Walt Maguire, ein representant for London Records (den nordamerikanske avdelinga til Decca) meinte det ville selje godt i USA, så dei gjekk med på å gje ut albumet som det var.[14]
Days of Future Passed kom ut 10. november 1967 i Storbritannia og 11. november i USA. Det nådde 27. plassen på UK Albums Chart.[21] I USA selde det jamt og trutt gjennom 1960-åra, godt hjelpt av at FM-radio spelte «Nights in White Satin», og det klatra omsider til tredjeplassen på den amerikanske Billboard-lista i 1972.[14][22]
Av dei sju songane på albumet var to av dei hitsinglar: «Tuesday Afternoon» (som på albumet var slått saman med «Evening: Time To Get Away» til ein enkel song kalla «The Afternoon: Forever Afternoon (Tuesday?)») og «Nights in White Satin» som nådde andreplassen på singellista i Storbritannia fem år etter albumet kom ut.
Remove ads
Mottaking
Då det kom ut var Rolling Stone lunken til albumet og skreiv «The Moody Blues har modnast mykje sidan 'Go Now', men musikken deira er stadig skjemd av eit av dei mest oppsiktsvekkjande sukkersøte førestillingane av 'venleik' og 'mystikk' som noko rockegruppe nokon gong har påverka.»[9] New York Magazine avskreiv det som «ein valdsam haug av tanke-gele.»[23] Albumet har sidan fått betre kritikk, som i Spin der det vart omtalt som ein klassikar innan progressiv rock.[11] I 2007 inkluderte Rolling Stone, som opphavleg hadde skildra det som «ei engelsk rockegruppe som kveler seg sjølv i konseptaktig kliss»[23], med på ei liste over essensielle album frå 1967.[24]
Days of Future Passed vart gjeven ut på lydband med kvadrofonisk lyd i 1977. Denne masteren vart òg nytta for ein 5.1-kringlydsmiks i 2001 og 2006.
Den 17. november 2017 vart originalmiksen av albumet gjeve ut på CD for første gongen som Days of Future Passed 50th Anniversary Deluxe Edition.[19]
Remove ads
Innhald
2017 Days Of Future Passed (50th anniversary deluxe set)
Remove ads
Salslister
- Album
- Singlar
Medverkande
The Moody Blues:
- Justin Hayward: Akustisk og elektrisk gitar, piano, tangentinstrument, vokal.
- John Lodge: Bassgitar, elektrisk gitar, vokal.
- Mike Pinder: Tangentinstrument, mellotron, piano, vokal, (inkludert tale).
- Ray Thomas: Fløyter, horn, perkusjon, tangentinstrument, vokal.
- Graeme Edge: Trommer, perkusjon, vokal.
- Peter Knight: Dirigent, arrangement.
- London Festival Orchestra.[27]
Teknisk
- Tony Clarke – produsent
- Derek Varnals – lydteknikar
- Hugh Mendl – leiande produsent, notat
- Michael Dacre-Barclay - produksjon
- David Anstey – design, måleri
- Steven Fallone – digital ommastering
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads