Caught Live + 5
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Caught Live + 5 er eit dobbelt konsertalbum frå 1977 av Moody Blues, som består av eit konsertopptak frå 12. desember 1969 frå Royal Albert Hall og fem studioopptak frå same perioden som tidlegare ikkje hadde vorte gjevne ut. Det var lenge den einaste konsertutgjevinga til bandet får den klassiske perioden deira.
Bandet har uttrykt at dei var misnøgde med spelinga si den kvelden, og meinte at dopmisbruk var medverkande til dette. Dei ønskte derfor ikkje å gje ut albumet, som Decca Records så gav ut.
Albumet nådde 26. plass på albumlista i USA, men gjekk ikkje på lista i Storbritannia i det heile. Det var første gongen dette hadde skjedd for bandet sidan debutalbumet The Magnificent Moodies i 1965.
Det er det første Moody Blues-albumet sidan Days of Future Passed som ikkje har plateomslag av Philip Travers. Decca Records nytta i staden designgruppa Hipgnosis.
Remove ads
Innhald
Spor 1-14 er konsertopptak, 15-19 studioopptak.
Remove ads
Medverkande
Salslister
Album
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads