Debrah Scarlett

From Wikipedia, the free encyclopedia

Debrah Scarlett
Remove ads

Joanna Deborah Bussinger (fødd 20. juli 1993 i Basel i Sveits), kjend under artistnamnet Debrah Scarlett,[1][2] er ein norsk-sveitsisk songar og musikar.[3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Liv og virke

Bakgrunn

Scarlett vaks opp i Sveits og Noreg. Frå ho var seks til ho var ti år gammal budde ho med familien sin i Hakadal i Nittedal.[3]

Etter å ha flytta tilbake til Sveits reiste Scarlett mykje fram og tilbake mellom Sveits og Noreg. I 2013 deltok ho i The Voice – Norges beste stemme på norske TV 2, der ho kom til semifinalen.[4] Hausten 2014 flytta ho tilbake til Noreg for godt for å kunne starte ein musikkarriere der,[3] og i 2015 vann ho saman med Kjetil Mørland Melodi Grand Prix med låten «A Monster Like Me».[5]

Karriere

Thumb
Mørland & Debrah Scarlett på scena under Eurovision Song Contest i Wien i 2015.

Hausten 2013 deltok Scarlett i det norske talentprogrammet The Voice – Norges beste stemme, der ho prøvesong med låten «Make You Feel My Love». Scarlett ble med på laget til Sondre Lerche og kom til semifinalen. I løpet av sangkonkurransen covra ho Florence and the Machine, Rihanna, Sonny Bono og The Black Keys. Ho har seinare omtala deltakinga i programmet som ein «døropnar». «The Voice fikk i gang karrieren min og ble en døråpner. Etter det har jeg jobbet mye med musikken, og jeg har blitt eldre og mer selvsikker.»[4]

Hausten 2014 flytta Scarlett tilbake til Noreg, der ho mottok ein førespurnad frå artisten Kjetil Mørland om å bidra på ein song til Melodi Grand Prix.[6] Scarlett takka ja til tilbodet etter å ha lese songteksta.[7] Mørland ønskte ho som partner etter å ha sett ho i The Voice.[6][4] Songen heitte «A Monster Like Me» og vann Melodi Grand Prix i 2015 med 88 869 røyster. Songen vart dimed det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2015.[7] Songen handlar om å konfrontere noko uoppgjort frå fortida og å måtte gje slepp på den man elskar.[3] Både Adressa og Dagbladet roste stemma hennar og samanlikna Scarlett med den britiske songerinna Adele.[8][2] Songen gjekk vidare frå semifinalen 21. mai og var finalist nr. 9 i finalen 23. mai. Debrah Scarlett og Mørland enda på 8.-plass i den internasjonale finalen med 102 poeng.

5. august 2015 deltok Scarlet i NRK-programmet Sommeråpent der ho framførte «Always On My Mind» med Mørland. Ho deltok også i musikkprogrammet Beat for beat 4. desember 2015. Ho framførte «A Monster Like Me» saman med Mørland i Melodi Grand Prix 2016.[9]

Scarlett gav ut debutsingelen som soloartist, «To Figure», 26. februar 2016.[10] Den er komponert og skriven av Scarlett og vart gjeven ut utan platekontrakt.[11] Låten var ei blanding av fleire stilartar, og Scarlett ville ikkje vere «sjangerbunden». Den sveitsiske nettsida Blick.ch kalla låten «ein sterk ballade med djupn og mykje hjarte».[11] EP-en DYS(U)TOPIA vart gjeven ut 17. mars 2017 med singelen «Cynical Youth». Nico Schmied og Gregor Brändli regisserte musikkvideoen til singelen.[12]

Remove ads

Diskografi

EP-ar

Meir informasjon Tittel, Informasjon ...

Singlar

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads