Den tyrkiske rivieraen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den tyrkiske rivieraen
Remove ads

Den tyrkiske rivieraen (òg kjend som Turkiskysten) er eit omgrep nytta for å skildre eit område sørvest i Tyrkia som omfattar provinsane Antalya, Muğla og delar av Aydın, det sørlege İzmir og det vestlege Mersin. Kombinasjonen av gunstig klima, varm sjø og meir enn tusen kilometer med kyst langs Egearhavet og Middelhavet, vakker natur og arkeologiske stader trekkjer området til seg mange turistar frå både Tyrkia og utlandet.

Thumb
Kart over den tyrkiske rivieraen med dei store busetnadane (frå aust til vest) Alanya, Antalya, Kemer, Fethiye, Marmaris, Bodrum, Kuşadası og Çeşme.
Thumb
Strender i Marmaris
Thumb
Strand og marina i Kemer

Av arkeologiske stader finn ein to av dei sju underverka; ruinane av Mausoleion i Halikarnassos og Artemistempelet i Efesos.[1]

Rivieraen er heimstad for den internasjonalt kjende Blue Voyage, der deltakarane kan nyte ei vekelang reise på guletar, ein seglbåttype frå Tyrkia, til byar frå antikken, hamner, mausoleum og intime strender i mange av dei små vikene.

Kysten vert rekna som eit kulturelt funn med ei blanding av verkelege og mytologiske personar, konfliktar og hendingar, og området er ofte nemnd i segnene til mange kulturar opp gjennom historia. Kysten har vore heimstad for vitskapsfolk, helgenar, krigarar, kongar og heltar, og vore åstad for mange kjende myter. Marcus Antonius av Romarriket skal ha vald Den tyrkiske rivieraen som den vakraste bryllaupsgåva si til Kleopatra av Egypt.[2] St. Nikolas, seinare kjend som julenissen, vart fødd i Demre (i antikken Myra), ein liten by nær dagens Antalya.[3] Herodotos, som vert rekna som den første historikaren, vart fødd i Bodrum (i antikken Halikarnassos) kring 484 fvt.[4] Vulkanfjella vest for Antalya, nær Dalyan, er trudd å ha vore inspirasjon for den mytiske Khimera - den eldpustande monsteret som Bellerofon slo i hel.[2]

Remove ads

Busetnader

Mange byar og landsbyar i området er internasjonalt kjende, som Alanya, Antalya, Bodrum, Çeşme, Fethiye, Kalkan, Kaş, Kemer, Kuşadası, Marmaris og Side.

Stader langs Den tyrkiske rivieren:

Remove ads

Biletgalleri

Thumb
Alanya, busett sidan hittittane og i mellomalderen heimstaden til seldsjukkane, i dag kjend for den vakre naturen og dei historiske monumenta.
Thumb
Paradisbukta i Bodrum, det antikke Halikarnassos, byen Herodotos og staden der Mausoleion ligg, eit av dei sju underverka.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads